Viseklubben inviterer til konsert på Osvald vesle nyttårsaftan. Foto: Olsen & Jensens viseklubb
- Annonse -

På tampen av 2017 inviterer viseklubben til konsert med mange lokale artistar på Osvald pub i Leirvik.

– På tampen av det gamle ser viseklubben lyst på det nye. På sjølvaste vesle nyttårsaftan fyller me settlista med håpefulle songar og scenen med gode musikalske vener, skriv Endre Olsen i Olsen & Jensens viseklubb.

På menyen denne kvelden finn me husbandet Trio Hest, beståande av Erlend Olsen, Terje Jensen, Rolf Martin Haldorsen, Erlend Thoresen og Frode Sæverud.

Dei vil akkompangere ein lang liste med lokale artistar som vil gi sine tolkningar av alt frå viseklubbfavorittar som Tom Waits, Bob Dylan og Tom Petty, via gospel og bluegrass til standarslåtar frå The Great American Songbook.

Desse artistane består av Hilde Haugland Strand, Atle Hansen, Johanne Engevik Olsen, Roy H. Rossland, Sissel Johnsen, Nils Horn og Øyvind Halleraker.

- Annonse -

– Velkomen til ein skamlaust optimistisk ettermiddag saman, skriv Endre Olsen.

- Annonse -
- Annonse -

Konsertstart denne laurdags ettermiddagen er klokka 16.