F.v. Nina Volden og Evy Øien, blide frisørar på "Hårloftet". Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

6. mars 1989 starta Nina Volden frisørsalongen «Hårloftet» i Larsenbygget på Fitjar. Ho har sett hårtrendar koma og gå, og kan ikkje tru at det er gått 30 år.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

– Det må jo ha vore kjekt sidan tida har gått so fort, ler Volden. Evy Øien som har jobba i salongen i over 15 år nikkar samtykkjande.

Tidlegare jobba Orlaug Volden (mor til Nina Volden) i salongen, og det var ho som inspirerte Nina til å bli frisør.

– Mamma vart utdanna frisør i ung alder, og dreiv frisørsalong i Sagvåg når eg var lita. Ho jobba hos meg i 25 år, fortel Nina Volden, som spøkjer med at ho fekk frisøryrket inn med morsmelka.

23 åring med høgt lån

Frisørsalongen som no held til i andre etasje i Larsenbygget, var tidlegare enda ein etasje høgare oppe.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg var ikkje akkurat høg i hatten der eg stod som ein 23-åring som hadde slutta i jobben min på Vikjo. Med høgt lån, og ei renta på over 19%.

– Det var mykje meir jobb enn eg såg for meg. Eg har vore lei av og til, men aldri nok til at eg har vurdert å driva med noko anna enn frisørsalongen, fortel Volden.

Denne barnestolen har vore med sidan byrjinga. Foto: Ingrid Hovstad

Dårleg samvit for borna

Sjølv om ho trivst i jobben, legg ho ikkje skjul på at ho hadde dårleg samvit når ungane var små.

– Med eldste jenta var eg tilbake på jobb etter berre 3 månadar, og ho var berre 14 dagar gamal første gongen ho var med på jobb. Eg trur mannen min var den første faren på Stord som søkte om meir enn 14 dagar med permisjon. Medan ein sleit med å få menn til å ta desse 14 dagane, tok han 6 månadar.

- Annonse -

Volden fortel at ho no for 3. gong vel å investera i salongen. Denne gongen i nye stolar, og nye vaskestolar med massasje. I tillegg har dei malt om salongen, ei gledeleg forandring i følgje dei to damene på «Hårloftet».

– Når me flytta inn i dette lokalet, var det berre eit lite vindauga her, men til 20 års jubileet fekk me nyte store vindauge i frå huseigarane. Me vurderte ei stund å flytta ned i første etasje, men det ledige lokale høver ikkje like godt til salong, so me la frå oss dei planane, fortel Volden.

Kan ikkje klaga på utsikten frå frisørsalongen. Foto: Ingrid Hovstad

Ein del av familien Larsen

Nina Volden fortel at dei må få skryta over huseigarane, og at det sjeldan har vore konfliktar med dei, men ho kan dra fram ein historie.

– Etter at kafeen forsvann frå etasjen vart det veldig stilt her oppe. Eg meinte difor husleiga var for høg i perioden rett etterpå, sidan eg mista trafikken utanfor salongen. Når eg ikkje nådde fram, sa eg opp husleigekontrakten. Då tok det berre eit par dagar før eg fekk svar: eg skulle få sleppa å betala leiga i eitt år for å koma meg litt på beina att.

Ho fortel at etter 30 år i bygget føler ho seg nesten som ein del av familien Larsen.

Sminke og kostymer

Frisøreigar Volden er ikkje ei dame som likar å sitja i ro, og spelar i fritida i Fitjar musikklag. I tillegg til salongen har ho hatt ansvar for sminke og kostymer under sommarrevyen på Fitjar Fjordhotell.

– Sidan dei starta med sommarrevy for 20 år sidan, har eg vore med på det. Eg likar meg best i bakgrunnen, so den jobben passar meg fint, fortel Volden, som syntest det å få blomar på scena etter premieren er meir enn nok merksemd.

Dette intervjuet var ho ogso skeptisk til, men ho fann ut at eit 30 års jubileum fortente litt merksemd. Ho takkar alle trufaste kundar, og fortel at det vert kake på dei som tek turen innom på dagen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -