- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fylkesutvalet i Hordaland oppmodar til at Stord maritime museum skal videreførast som ei eigen eining, uavhengig av Sunnhordland museum.

– Dersom arbeid med ny samarbeidsavtale sett i gong av Stord kommune ikkje fører fram, må Sunnhordland museum og Stord maritime museum styrkast og vidareutviklast som sjølvstendige einingar, står det i vedtaket som vart gjort i møtet i fylkesutvalet i Hordaland torsdag.

Trass i ønsket om å skilje det maritime museet ut, så meiner fylket at ein ikkje bør redusere på overføringane til Sunnhordland museum.

Fylkesutvalet oppmodar Stord kommune om å støtte Sunnhordland museum med årlege driftstilskot på minst same nivå som i 2016, står det i vedtaket.

Sigene Ekeland er styreleiar i Sunnhordland museum, og godt nøgd med vedtaket. Foto: privat

Gode nyhende

Vedtaka som vart gjort er gledelege nyhende for styreleiar i Sunnhordland museum, Signe Ekeland.

- Annonse -

– Eg er veldig nøgd med vedtaket, og ser på det som ei anerkjenning på at leiinga og styret i Sunnhordland museum har jobba korrekt.

Ho meiner vedtaket er eit tydeleg signal på at det er forståing for at Sunnhordland museum ikkje lenger kan ta ansvar for samlinga og drifta ved Stord maritime museum.

– Eg synst at fylkeskommunen har gjort ei grundig sakshandsaming og lagt fram eit veldig godt saksframlegg i høve saka om Sunnhordland museum. Slik eg ser det har dei gjort gode og føremålstenlege vedtak. Eg opplever det som ein ganske tydeleg avklaring frå fylkesutvalet.

– Men fylket legg jo også opp til ei styrking av Stord maritime museum?

– Eg les det ikkje slik. Eg høyrer at fylkesdirektøren seier at Stord maritime museum ikkje er eit museum, men at det er ein samling. Så når han snakkar om styrking så er det frivilligheita han snakkar om. Det er eit kommunalt ansvar på lik line med andre frivillige organisasjonar.

Oppmoder Stord-politikarane til å lytte

I februar gjorde kommunestyret vedtak om å halde tilbake overføringane til Sunnhordland museum fram til april, som eit verkty for å få dei to musea tilbake til forhandlingsbordet. Ekeland oppmodar Stord-politikarane no om å ta til seg signala som er kome frå fylkeskommunen.

– Eg vonar at politikarane på Stord lyttar på fylkesutvalet sitt vedtak. Det ligg i ansvaret at me får finansiering for drifta vår. Så me har forventningar til at Stord kommune er sitt kulturansvar bevisst, seier Ekeland

Utvalet sender også ei oppmoding til fylkesrådmannen i Hordaland om å gå gjennom drifta ved Sunnhordland museum, som grunnlag for å vurdere tiltak for ei styrking og utvikling av organisasjonen.

– Me har jo forventningar til eit godt og konstruktivt samarbeid framover i forhold til fylkeskommunen ved at dei ønskjer å løfte Sunnhordland museum ressursmessig, uavhengig av denne konkrete saka. Dette ser me fram til, seier styreleiaren.

 

- Annonse -