Det er ingenting å seie på formidlingsevna til Sunnhordland museum, her representert av Johanne Øvstebø Tvedten og Bjørn Arve Lunde. Men museet klarar ikkje å generere særleg med inntekter til museet. Foto: Sunnhordland museum
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ingen museum i Hordaland har så låge billettinntekter som Sunnhordland museum. No ber museet kommunane om å mangedoble den økonomiske støtta.

Sunnhordland museum er med 12,5 millionar kroner i inntekter i 2017 det nest minste museet i fylket, målt etter omsetnad. Berre Bergens Sjøfartsmuseum er mindre.

Men ein forsvinnande liten del av den i utgangspunktet låge omsetnaden kjem frå billettinntekter. Sunnhordland museum hadde med 983.000 kroner desidert lågast eigeninntekt av alle musea i fylket i 2016.

Billettinntekter utgjer under 10 prosent av dei samla inntektene til museet.

– Ikkje forsvarleg drift

Då Hordaland fylkeskommune i 2017 hadde ein gjennomgang av organisasjonen var konklusjonen at økonomien ikkje står i forhold til dei tenestene eit profesjonelt museum skal levera, og at museet ikkje har ei forsvarleg drift.

Også Kulturrådet har peika på at den økonomiske situasjonen ved Sunnhordland museum skapar ein utfordrande drift. Det kan ikkje setjast i gang større satsingar utan betydelege eksterne bidrag. Det vert vidare peika på at manglar planar for innsamling, katalogisering, bevaring, sikring og forsking.

- Annonse -
- Annonse -

Museet sjølv peikar på at  hovudbygget i Leirvik er lite tenleg for føremålet, der det mellom anna har vore vasslekkasjar. Magasina ved museet kan ikkje regulere temperatur i høve til ulike krav for blant anna foto og tekstil.

Fylket meiner den økonomiske drifta ved Sunnhordland museum ikkje er forsvarleg. Foto: Sunnhordland museum

Det er bakgrunnen for at fylkesrådmannen rår til å auke overføringane frå fylket med 600.000 kroner til neste år, frå 2,2 millionar til 2,8 millionar kroner.

- Annonse -

– Tilskotet til museet bør styrkjast. Fylkesrådmannen legg til grunn at dette vert gjort over fleire år og ein føreset at stat og kommunar medverkar på tilsvarande vis til å setje organisasjonen økonomisk og administrativt i betre stand. Fylkesrådmannen meiner at styrking er avgjerande for ei forsvarleg drift, heiter det i budsjettframlegget.

Vil mangedoble tilskotet frå kommunane

Sunnhordland museum har med i utgangspunkt i dette laga ein strategiplan for museet, der ein legg til grunn ei tydeleg auke i økonomisk støtte frå kommunane i Sunnhordland.

I følgje opptrappingsplanen bør museumstilskotet frå kommunane aukast frå rundt fem kroner per innbyggjar til mellom 20 og 30 kroner i 2019 og vidare til 35-45 kroner i 2021.

For Stord kommune vil det bety ein utgift på ca. 570.000 kroner i 2019 og rundt 850.000 kroner i 2021.

Stord-rådmann Magnus Mjør, som sjølv sit i styringsgruppa for å utarbeide ny museumspolitikk, meiner Stord kommune bør støtte opp om opptrappingsplanen.

I budsjettframlegget til rådmannen er det løyva 100.000 kroner til museet til neste år. I tillegg er det lagt inn ei løyving på kr 400.000 som Komite for næring, miljø sjølv skal fordele, på bakgrunn av museumsplanen, søknad frå Stord maritime museum og andre eventuelle kulturtilskot til lag og organisasjonar.

- Annonse -