Det er berre eit par år sidan dei tre fylkesordførarane Solveig Ege Tengesdal (f.v.), Jenny Følling og Anne Gine Hestetun var samla til forhandlingar om ei ny brei Vestlandsregion. Men no er det berre Hordaland og Sogn og Fjordande att. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rogaland kan bli ein del av nye Vestland om få år, seier fylkesordføraren i Rogaland Solveig Tengesdal (KrF) til Bergens Tidende.

Under ein fylkesordføreren i Hordaland sitt eige nyttårsmøte torsdag, tok mange av talarane til orde for at den nye Vestland-regionen burde omfatte større deler av regionen enn berre Hordaland og Sogn og Fjordane.

Også fylkesordføraren i Rogaland, Solveig Tengesdal (KrF) var til stades på konferansen, og seier til Bergens Tidende at ho ikkje utelukker at Rogaland kan kome etter om nokre år.

– Flytting av oppgåver frå staten til fylka blir avgjerande for oss. Dersom Stortinget vedtek ein stor og god pakke, opnar vedtaket me gjorde for at me kan ta spørsmålet opp på ny. Men det blir ikkje aktuelt i denne valperioden. No må Hordaland og Sogn og Fjordane gjenomføre sin prosess, så får me sjå i neste valperiode, seier ho.

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) fortel til avisa at ho opplever at mange rogalandspolitikarar har angra på at dei ikkje er med i første runde av samanslåinga.

- Annonse -

– Dette er ein modningsprosess. Eg er sikker på at Rogaland kjem etter, seier Hestetun.

- Annonse -
- Annonse -

Vestland fylke, beståande av Hordaland og Sogn og Fjordane, vil tre i kraft frå og med 2020.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -