Roald Almås i Fylkesnes Bil skal selje eit nytt bilmerke på Stord. Foto: Fylkesnes Bil
- Annonse -

Bilforhandlaren startar ny bilforretning berre nokre steinkast frå hovudkontoret.

Bilforhandlaren har lenge hatt hand om Huyndai-agenturet i regionen gjennom eigarskap av Bauge Auto i Haugesund.

No tek dei med seg bilmerket heim til Stord, og er i ferd med å opne ein heilt ny bilforretning på Heiane.

Lokala blir vegg i vegg med Fargerike Malerboden, der forhandlaren Heidenreich haldt til før dei la ned verksemda i fjor. Det var Sunnhordland som først melde om saka.

– Me har ansvar for Huyndai-distriktet mellom Bergen og Stavanger. Då passa det godt å opne ein butikk her på Stord for å få meir driv på merket. Dette er jo eit merke i sterk vekst, seier dagleg leiar i Fylkesnes Bil, Roald Almås.

I dette bygget blir det ny bilforhandlar. Foto: Google Maps

Han kan ikkje seie eksakt kva tid bilforretninga vil opne, men fortel at dei allereie har gjennomført tilsettingar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har tilsett litt folk. Me har tilsett ein kundemottakar og folk som skal jobbe på verkstaden. Så vil me flytte bort litt folk. Avis og bilberginga vil me flytte bort i dei nye lokala.

– Me vil opne ein komplett sak med verkstad og eigen bilbutikk. Me skil dette ut fordi det ikkje er meir kapasitet her på huset. Samtidiv vil me ha nokre felles funksjonar som karosseri og biloppretting.

Almås har fått med seg at også Heiane Bil går med storstilte utvidingsplanar. For nokre veker sidan skreiv Stord24 at forhandlaren skal bygge nye bilforretning, og planlegg å selje fleire nybilmerke. Det synest den daglege leiaren på Fylkesnes Bil berre er positivt.

– Det er kjempepositivt for oss som forhandlarar på Stord at det blir eit betre utval. Eg støttar fullt opp under dette . Det meiner eg verkeleg. Det er viktig å ha eit godt miljø på Stord for å ivareta kundane i regionen.

- Annonse -