ENDELEG BESTEMT: Alle i Hornelandsvågen får gå på Langeland skule til hausten. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Meiner flytting av elevane i Horneland-området frå Langeland skule til Tjødnalio skule er i strid med nærskuleprinsippet. Vedtaket vert dermed oppheva.

Fylkeskommunen i Hordaland går i mot det store fleirtalet i kommunestyret som vedtok dei mykje omtalte skulekrinsendringane i fjor.

– Vedtaket er i strid med nærskuleprinsippet etter opplæringslova § 8-1 første ledd. Fylkesmannen konkluderer med at Stord kommunestyre sitt vedtak av 23. november 2017 er ugyldig, og vedtaket opphevast, skriv fylkesmannen.

Fylkesmannen meiner Stord kommune ikkje har gjort ei god nok vurdering for å kunne argumentere for at Langeland skule faktisk er full.

Stord kommune har tidlegare vurdert Langeland skule som skjønnsmessig, pedagogisk og bygningsmessig full, men fylkesmannen meiner kommunen ikkje har belegg for å hevde dette.

Har ikkje vurdert romkapasitet

Det vert mellom anna peika på at kommunen ikkje har dokumentert og vurdert talet på rom i skulen.

- Annonse -

– Det ligg ikkje føre ei vurdering av kva for rom som kan brukast til ordinær undervisning, eller om skulen legg opp til spesielle undervisningsmetodar som stiller større krav til bruk av areal. Skulen sin bruk av total romkapasitet, eller høve for til dømes å bruke 0. eller 7. time, er ikkje vurdert. Kommunen har heller ikkje vurdert høvet for utviding av sjølve skulen, eller uteområdet.

Det vert vist til at Stord kommune ikkje har vurdert skulen på bakgrunn av godkjenningsvedtak eller andre føresetnader gitt i medhald til forskrift om miljøretta helsevern.

– Fylkesmannen finn etter dette at Stord kommune ikkje har tatt med alle relevante moment i vurderinga av om nærskulen er full. Fylkesmannen finn at Langeland skule ikkje er dokumentert full.

Den raude linja nedover på kartet markerer det nye skiljet mellom Langeland og Tjødnalio krinsgrense.

– Kapasitetsproblema skuldast dårleg planlegging

Vidare får Stord kommune kritikk frå fylkeskommunen for ikkje å ha klart eller ønska å tilpasse skulestrukturen raskt nok, og at dette er hovudårsaka til kapasitetsproblema ved Langeland skule.

– Dersom kommunen ikkje synleggjer forsvarlege og lovlege vurderingar ved fordelinga av elevar, vil klageinstansen måtte gi klagarane medhald.

Fylkesmannen meiner Stord kommune også har brote nærskuleprinsippet ved at Leirvik skule ikkje er blitt vurdert som skule for elevane i Horneland-området, trass i at denne ligg i nærmare geografisk avstand enn Tjødnalio skule.

– For Fylkesmannen kan det sjå ut som om at Stord kommune «flyttar» elevar frå Langeland skule til Tjødnalio skule, berre på bakgrunn av kapasiteten på Tjødnalio skule, og ikkje på bakgrunn av ei nærskulevurdering, verken av Tjødnalio skule eller Leirvik skule.

Geir Angeltveit i Venstre. Foto: Stord kommune

– Synd å ha kasta vekk tid

Kravet om lovlegkontroll vart sett fram av tre kommunestyrerepresentantar på Stord, mellom anna Geir Angeltveit (V). Han er glad for at fylkesmannen no har lytta til bebuarane i Horneland-området.

– Eg er glad på familiane og borna sine vegner om at det no ser ut til å bli ei løysing. Det er synd å tenkje på at ein her har brukt mykje tid og skapt mykje uro når ein heller kunne ha brukt den på å skaffa desse elevane skuleplass på nærskulen sin. Det er i utgangspunktet heilt urimeleg at elevane skulle måtta bli sendt til Tjødnalio Skule, som er deira tredje næraste skule, seier Angeltveit.

No meiner Angeltveit den kommunale leiinga og lokalpolitikarane må kome fram til ei løysing for elevane snarast mogleg.

– Fylkesmannen kjem med mange gode forslag til løysingar for elevane, no må me sjå på å løysa dette best mogeleg. For Venstre er det heilt urimeleg at elevane skulle måtta bli sendt til Tjødnalio Skule, som er deira tredje næraste skule. Difor tok me initiativ til lovlegheitskontrollen.

Jubel i aksjonsgruppa

I Facebook-gruppa «Horneland hører til Langeland skule», der foreldra i Horneland-området har engasjert seg, er det mange som jublar etter at fylkesmannen sitt vedtak vart kjend.

– Dette var gode nyheter! Der viser at det nytter å engasjera seg!

– Gratulerer til alle som har stått på barrikaden her! Godt jobba!

Samtidig er det nokon som fryktar at Stord kommune vil stå på sitt og gå ei ny runde for å tilfredstille krava til fylkesmannen.

– Jaaa!!! Endeleg godt nytt i denne saka. Men ja, eg fryktar det ventar nye rudar og nye kampar. Uansett: Dette er ein siger me alle skal ha litt av æra for.

- Annonse -