Seglneset i Sagvåg.
- Annonse -

Framstegspartiet på Stord sendte det politiske vedtaket om kjøp av aksjar i Coast Holding til lovlegkontroll. No har dei fått svar.

Det var Frp-politikarane Linda Grundtvig, Mette Laukhamar Hauge og Sigbjørn Framnes som sendte saka til kontroll hos fylkesmannen.

Bakgrunnen er at dei stilte spørsmål ved om kommunen kan finansiere kjøpet av
Coast Holding AS ved midlar frå kraftsalsfondet
. Dei skreiv mellom anna dette:

«Vi stusser over arrangementet for å komme rundt lovens begrensning om lånefinansiering. Kommunen har ikke lov til å lånefinansiere kjøp av næringsvirksomhet og løser dette ved å ta i bruk kraftsalsfondet. Vi ønsker å få denne avtalen belyst om dette kan være lovlig.»

No har altså fylkesmannen handsama saka. Han kjem fram til at transaksjonen er innanfor lovverket.

- Annonse -

– Fylkesmannen legg til grunn at «kraftsalsfondet» er eit ubunde fond. Det er ingen bindingar på bruken av slike midlar, så lenge det går til eit investeringsføremål. Fylkesmannen konkluderer derfor med at kommunestyret si avgjerd har eit lovleg innhald, og at avgjerda dermed er lovleg.

- Annonse -
- Annonse -

Avtalen mellom Stord kommune og Sunnhordland Naturgass AS vart inngått i starten av mai i år, og går ut på at kommunen kjøper selskapet som eig tomta på Seglneset, Coast Holding AS, inkludert selskapet si gjeld.

- Annonse -