Fylkeslege Helga Arianson ser alvorleg på funna hos barnevernet på Tysnes. Foto: N-bup
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit tilsyn som fylkesmannen nyleg har gjort hos barnevernet på Tysnes avdekka «gjennomgåande svikt i tenesta sine kjerneoppgåver».

Tilsynet avdekka at barnevernstenesta på Tysnes sviktar i saker som gjeld mistanke om vald og overgrep.

– Leiinga har ikkje sett i verk tiltak for å syte for at meldingar som gjeld mistanke om vald og overgrep blir handtert slik at barn vert sikra hjelp. Leiinga har heller ikkje sørga for at undersøkingar vert gjennomført systematisk nok slik at alvoret i meldinga vert avklart, konkluderer Fylkesmannen i Vestland.

Det var NRK Hordaland som først melde om saka.

Det vert konkludert med at Tysnes kommune bryt barnevernlova på tre ulike paragrafar:

Meldingane om vald og overgrep vert ikkje handert fullt ut, barnevernet har ikkje sikra at undersøkingar vert handert, og barnevernet sikrar ikkje barnet sin medverknad i undersøkingar om vald og overgrep.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er ei alvorleg mangel ved undersøkinga dersom saksbehandlar ikkje har snakka med barnet om eit så sentralt tema som vald og overgrep, skriv fylkesmannen.

Vidare kjem det fram at nokre saker vert liggjande for lenge utan at barneverntenesta gjer nødvendig arbeid fordi tenesta ventar på at politiet skal gjennomføre avhøyr. Det vert ikkje gjort systematiske risikovurderingar i sakene, står det i rapporten.

- Annonse -

– Tenesta har mykje informasjon i sakene, men leiinga sikrar ikkje at informasjonen vert analysert og vurdert forsvarleg undervegs og før saka vert konkludert.

Fylkesmannen skriv vidare at det ikkje er sett i verk systematiske tiltak for å gjennomgå kvaliteten på tenestene frå overordna nivå i kommunen.

Rådmann i Tysnes kommune, Steinar Dalland, sier til NRK at kommunen tek funna frå Fylkesmannen på største alvor.

– Me vil no gå gjennom rapporten for å sikre at endring i praksis blir prioritert og gjennomført, sier Dalland.

Tilsynet med Tysnes kommune blei gjennomført i slutten av mars i år, og baserer seg på bekymringsmeldingar om vald og overgrep mellom 2016 og 2018.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -