Austevoll-ordførar Morten Storebø (H) reagerer sterkt på dei føreslåtte rutekutta i Hordaland. Foto: Høgre/Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

DEBATT: – Det er heilt uverkeleg at fylkeskommunen og Fjord1 skal kunne gå vidare med dette. Det kan rett og slett ikkje skje, seier Austevoll-ordføraren om dei planlagte rutekutta i Hordaland.

Av: Morten Storebø (H), ordførar i Austevoll kommune

Dei siste dagane har avisene skrive om to urovekkande ting som er i ferd med å skje med ferjetilbodet vårt:

  • Mannskapa på «Møkstrafjord» og «Horgefjord» ropar varsku fordi tryggleiksbemanninga skal reduserast. Brannen på Fjord1-ferja «Eid» for tre dagar sidan, der 54 passasjerar måtte evakuerast, er berre det siste beviset på kor viktig det er at det er nok folk om bord til å handtere alvorlege hendingar.
  • Fylkeskommunen vurderer å kutte anten første eller siste avgangen i alle fylkesvegsamband i Hordaland.

Det er heilt uverkeleg at fylkeskommunen og Fjord1 skal kunne gå vidare med dette. Det kan rett og slett ikkje skje.

Til vanleg trur eg mange saker kan løysast med ein god drøs over ein kopp kaffi. Og sånne stunder har det vore mange av på fylkeshuset, både med fylkesordførar, fylkesrådmann og tilsette i Skyss. Men no er det faktisk nok. I måndagens BT har eg og kollegaen min på Tysnes, Kåre Martin Kleppe, målbore både vår eigen frustrasjon, og frustrasjonen til innbyggjarane og næringslivet vårt.

Me har kome til same konklusjon:

- Annonse -

Når fylkeskommunen allereie har auka billettprisane mykje, og planlegg å auke dei noko heilt vanvittig når Autopass skal innførast; når rutekutt er på dagsorden; og fylkesøkonomien tilsynelatande er så skral at sjølv tryggleiken for passasjerar, mannskap og verdiar er på spel, så er faktisk ikkje fylkeskommunen i stand til å forvalte ferjeansvaret sitt på ein forsvarleg måte.

Og når svaret frå fylkesleiinga er at det er staten som må betale — ja, så kan staten like så godt overta heile sulamitten. Både kostnadene og ferjedrifta.

Då Bergens Tidende og Marsteinen skreiv om bemanningskrisa og Stord24 om rutekutt var fylkesleiinga fråverande. Som om dette ikkje angjekk dei.

Då eg snakka med BT sa eg at noko av det som er fortvilande, er at når det er problem med ferjene, så blir ansvaret skubba nedover. Dei som må svare er tilsette i Skyss eller i ferjereiarlaga. Derfor er det bra at fylkesordførar Anne Gine Hestetun har stilt opp i dagens BT, og på ettermiddagssendinga til NRK Hordaland.

Kommentarane hennar er det verre med.

Ho meiner openbart at det er urimeleg at Kåre og eg kritiserer, fordi me er Høgre-ordførarar. Til NRK seier ho blant anna:

«Eg må eg seie det at eg reagerer på at to Høgre-ordførarar går ut og kallar kompetansen og vedtaket i Hordaland fylkeskommune for uskikka.»

I BT meiner ho at det er «spesielt» at Kåre og eg kritiserer prosessen som blei gjort då Høgre sat i posisjon.

Nei, det er verken spesielt eller noko å reagere på at me er kritiske til noko som er kritikkverdig. Det hadde vore langt verre for innbyggjarane våre dersom omsynet til folk måtte vike for partiboka. Det som er spesielt er at når det har vore fleire saker om kor gale det står til i Ferje-Hordaland, så forsøker Anne Gine Hestetun å gjere dette til noko partipolitisk. Fordi det er det ikkje.

Eg har aldri kritisert Ap for ferjesituasjonen. I møter med fylkesordføraren har dessutan varaordførar Anja Heggholmen, frå det same Ap, vore tydeleg på kor krevande ferjesituasjonen er. Dei evinnelege kommentarane om partitilhøyrsle bidreg til å flytte merksemd frå sak, rutetilbod, tryggleiksuro og galopperande billettprisar, og over til personar og roller. Ingen som reiser med ferjene tener på dette.

Det er mange saklege og viktige spørsmål som er stilte om ferjesituasjonen, men fylkeskommunen har ikkje svart på dei.

Eg meiner fylkeskommunen må ta ansvaret det har. Eg forstår at noverande politisk leiing har behov for å understreke at tidlegare politiske leiarar må bere ansvaret sitt. For all del, dette har eg sjølv måtta gjere i perioden eg har vore ordførar. Men eg veit at det ikkje fråtar meg for ansvaret eg har her og no.

Og dessutan, når det gjeld ferjekontraktane og avgjerda i førre periode, og dette er eit viktig poeng, så var vedtaket veldig tydeleg på at ferjedrifta måtte sikrast finansiering. Dette var eit klart vilkår.

Utgreiinga som har lagt til grunn for vedtak har vist at nullutsleppsalternativet (som blei valt) maksimalt skulle koste 60 mill. kroner ekstra i året (og minimum 23 mill. kroner). Tal som eg er førelagt viser at kostnadsauken viste seg å vere på over 70 prosent. Årlege kostnader auka frå rundt 330 mill. til 570 mill. kroner i året. Fleire enn ordførarane på Tysnes og i Austevoll burde vere kritiske til at prosessar har halde fram sjølv om etter at fylkeskommunen gjekk i luksusfella.

Og så til dette med at staten bør betale. Dette er nytta av fleire i fylkeskommunen, og seinast fylkesordføraren.

Til NRK seier ho at Hordaland fylkeskommune «etterlever (det) som regjeringa krev av oss». Til BT er ho sitert på følgjande:

– Regjeringen setter krav, men innfrir på ingen måte når det gjelder å bidra økonomisk til en slik satsing (…) Når en regjering er så tydelig på forventninger, er det min klare forventing at de også bidrar til finansieringen.

Denne historiefortellinga har eg stussa litt over. Politikarar som var delaktige i prosessen i fylkespolitikken har sagt at ‘alternativ 1, nullutsleppsalternativet,’ var det som ville sørge for nye ferjer. Det var dette som var hovudmotivasjonen (men i eit scenario der kostnadane ikkje ville bli astronomiske). Ingen har nemnt noko statleg krav.

Når så kostnadane har løpt løpsk, så er det skrive ei anna historie. Nemleg den at staten har stilt krav, men ikkje stilt opp med pengane.

Er det verkeleg sånn at staten kravde Tesla-ferjer i Hordaland, og så stakk frå rekninga?

Når denne påstanden blir uttalt, så blir det aldri vist til kva krav Hordaland fylkeskommune er pålagt. Ingen offentlege dokument i sakene gjer haldepunkt for dette. Påstanden er heller ikkje pirka i av media. Det er også vanskeleg å forstå når staten sjølv ikkje vel nullutsleppsteknologi på sine ferje- og hurtigruteanbod.

Det som likevel er kjent er at statlege Enova støtta ferjeprosjektet og at staten har justert inntektssystemet til fylkeskommunane når det gjeld ferjer og snøggbåt. Dette gjekk openbart i Hordaland fylkeskommunes favør. Fylkesrådmannen stadfestar og løftar fram dette i fylkesbudsjettet for 2017, der han skriv:

«Årsaka til at Hordaland fylkeskommune kjem betre ut enn gjennomsnittet, er elles at m.a. båt- og ferjekriteria er vekta noko opp i 2017 samanlikna med tidlegare og dette slår positivt ut.»

Ferjesituasjonen i Hordaland er kaotisk. I sambandet Husavik-Sandvikvåg har det vore lange driftsavbrot dei siste dagane. Det er stor uro fordi det ligg an til kutt i bemanning om bord, og fylkesrådmannen vurderer å kutte rutetilbodet. Hordaland fylkeskommune har ansvaret for desse ferjene, og å sørge for eit godt tilbod i ferjefylket Hordaland.

I NRK i dag sa Anne Gine Hestetun at ho hadde «behov for å seie at eg skjønnar det at ordførarar kjempar for gode løysingar for kommunane sine, det gjer eg òg for fylkeskommunen og det hadde eg gjort hadde eg sete som ordførar i ein kommune».

Dette har blitt eit langt innlegg, så lat meg derfor avslutte med kommentaren frå programleiaren:

«Men du er òg fylkesordførar for tysnesingane og austevollingane.»

Dette innlegget vart først publisert på Morten Storebø sin Facebook-profil.

- Annonse -