Litlabø filial er i full gong med å iverksette tiltak for å få ned fuktnivået i lagerrommet. Årsaka er at det nyleg blei påvist muggsopp i lufta. Foto: Google/Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lagerrommet til Litlabø filial har fått påvist unormal høg spreiing av muggsopp i lokale.

Dette kjem fram av ein analyserapport av MycoTeam AS. Dei konkluderer med middels til høge verdiar for helseskadeleg muggsopp i lufta på lagerrommet til Litlabø filial i samfunnshuset på Litlabø.

– Det aktuelle magasinlokalet er som overslag ca. 30m2 og vert nytta som lagringsplass for eldre bøker. Det er ikkje bøker som er verdifulle i lokale, og lokale vert ikkje nytta som publikumslokale, skriv biblioteksjef Bjørnar Withbro i ein e-post.

Årsaka til problemet er antatt å vere for mykje fukt i rommet, ifølgje rapporten.

Slik stoda er no er det ikkje anbefalt å oppbevare organisk materiale som bøker og papir i lagerrommet.

Vonar opning til skulestart

- Annonse -

Bakgrunnen for undersøkinga er at HTM-leiar, Jon Eirik Kvalnes, skal ha blitt kontakta av einingsleiar for Stord Folkebibliotek etter mistanke om helseskadeleg innemiljø i magasinet.

Etter positive funn på muggsopp er biblioteket no i gang med å sette til verks aktuelle tiltak for å betre situasjonen.

Biblioteksjefen vonar at filialen kan opnast att til skulestart.

- Annonse -