Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Alle tilsette i bygget blei evakuert då det blei meldt om røykutvikling frå ein bosdunk.

Det var full utrykking frå alle naudetatane då alarmen gjekk i gamle Postbygget i Leirvik sentrum kl 8.50 fredag morgon. Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen.

– Det var antakeleg fyr i eit bosspann eller ein bossekk inne på lagerrommet, fortel Svein Hatlevik i Sunnhordland Eigedomsinvest, som eig bygget.

Det var lite røykutvikling, og brannvesenet drog frå staden etter kort tid.

– Alle i bygget blei evakuert, rundt 70-80 stykk. Bortsett frå dei som held til i den avdelinga der det brann er alle no tilbake på kontora sine, opplyser Hatlevik.

- Annonse -