Mannen blei kasta av Kystbussen. Foto: Kystbussen
- Annonse -

Klokka 18.18 søndag kveld blei politiet varsla om ein full passasjer som blei kasta av Kystbussen i Leirvik sentrum.

– Det var ein bussjåfør som ringte at sa dei hadde ein svært rusa person om bord som dei ikkje kunne ta med. Då var det ut av bussen med han, og han sat seg i eit busskur i Leirvik sentrum før me kom til staden, seier operasjonsleiar Helen Ryggims i Sørvest politidistrikt.

Det var om bord på Kystbussen på veg frå Bergen at den 39 år gamal mannen frå Polen reiste.

Politiet fortel at mannen var så rusa i Leirvik sentrum at dei vurderte at han måtte sjåast til av helsepersonell.

– Han var såpass rusa at det måtte kome ambulanse, som såg til han. Då han blei frakta til legevakta, og så til arresten.

– No har me akkurat fått han i arresten, seier Ryggims.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

- Annonse -