Reidar Lunde er formann i sameiget, og har også frose på beina og brent fingrane. Foto: Heidi Eikremsvik/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bebuarar i det nye Meierikvartalet er spørjande til at varmluftsanlegget i husværa ikkje gjev meir grunnvarme til oppvarming. Samstundes opplever nokon at dei brenn fingrane på det varme vatnet som kjem ut av springen.

Av: Heidi Eikremsvik, Stord24

Stord24 har kontakta formann i sameiget for dei 44 husværa, Reidar Lunde. Han er også spørjande til om kapasiteten er godt nok utnytta i dei sinnrike varmluftsanlegga som kvar einskilt husvære er utstyrt med.

– Sjølv om anlegget er justert opp til 30 grader, så viser temperaturen i stova berre 22, seier han og viser oss temperaturmålaren på stoveveggen. To luftsluser rett innunder taket i stova sender varmlufta inn i rommet, varmluft som kjennest temmeleg kjøleg ut når ein stikk handa inntil.

Sjølv om aggregatet viser 30 grader, er den reelle temperaturen i leilegheita berre 22 grader. Foto: Heidi Eikremsvik/Stord24

Fleire tok kontakt

Dei må ha ekstra oppvarming frå panelomnar for å kunne få det varmt nok her.

Reidar Lunde fortel at då folk byrja å flytte inn i bygget frå november og utover, var det fleire som kontakta han fordi dei tykte det var for kaldt i romma. Han tok det vidare til Aritech, ventilasjonsfirmaet.

- Annonse -
- Annonse -

Sjølv fekk han hjelp til å justere opp sitt eige anlegg så temperaturen kom opp i 22 grader, som i dag. Han bad firmaet om å gjere tilsvarande for dei andre bebuarane. Likevel har han fått telefonar frå andre som framleis er misnøgde.

–  I eit møte mellom kontraktør og totalentreprenør, Fronta og Veidekke, vart det så bestemt at alle skulle få installert panelomn vederlagsfritt, seier han.

- Annonse -

For han er det ok no etter dei tiltaka som er blitt gjort i tillegg. Likevel skulle han gjerne hatt svar på om det svært varme vatnet som kjem ut av springen heller kunne takast ut i litt meir stovevarme.

Bebuarane i Meierikvarteret flytta inn frå og med november i fjor. Foto: Heidi Eikremsvik/Stord24

– Ikkje nøl med å ta kontakt

Arve Hindenes, Veidekke sin avdelingsleiar i Sunnhordland, seier til Stord24 at han oppmodar dei det gjeld å ta opp med han det dei måtte ha av spørsmål eller problem med oppvarminga, så fiksar dei det.

Kvart enkelt husvære har sitt eige kompaktaggregat; ventilasjon med avtrekksvarmepumpe som også varmar opp vatnet i bustaden.

– På slike nybygg så reknar ein ca. 3 månaders innkøyringsfase før alt er ferdig justert og alle er nøgde, seier Hindenes. Når det gjeld bustadene i Meierikvarteret, så er dei klassifisert i Energiklasse A. I tillegg er dei tilpassa Husbankens auka energikrav. Dette inneber m.a. krav om at anlegget leverer 60 % av total oppvarming av anna energikjede enn direkte straum. Toppane må difor supplerast med anna varme, til dømes panelomnar.

– Når det gjeld varmt vatn i krana er dette ei smal sak å få justert. Vatnet går gjennom ein blandeventil, og her kan ein røyrleggjar svært kjapt justere ventilen og vasstemperaturen. Hindenes opplyser at temperaturen i beredaren held høg temperatur  for å unngå bakterieoppblomstring, men blir justert ned før det går inn til husværa. Han gjentar at folk må gjerne kome til han om skoen trykkjer, og dei vil få hjelp.

Reidar Lunde sit på heimekontoret sitt i ein av toppetasjane i Meierikvarteret. Foto: Heidi Eikremsvik/Stord24
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -