Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt skryt av dei tilsette i grunnskulen for deira innsats i den nye skulekvardagen. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Med mindre enn tre veker igjen til fristen for å søkje barnehageplass til hausten, er det framleis heilt uklart kva som blir utfallet av dei varsla barnehagekutta.

Kommuenstyremøtet på torsdag er nok eit møte mange på Stord fryktar utfallet av, både tilsette og foreldre.

Etter alt sannsyn er det tre barnehagar som kan bli enten avvikla eller få tilbodet dramatisk redusert: Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter, Furuly barnehage eller Skogatufto barnehage.

Men tysdag vart det klart at Stord kommune sin controller, Iren Dyrseth, gjekk ut og åtvara politikarane om å gjere eit endeleg vedtak om nedlegging av barnehagen på Furuly. Grunnen er at ho meiner eit slikt vedtak kan bli kjent ulovleg fordi det ikkje er gjennomført drøftingar med dei tilsette i forkant.

Kan skape utryggheit

Kommunalsjef med ansvar for skule og barnehagar, Mariann Jacobsen Hilt, meiner det kan bli utfordrande for barnehageopptaket i kommunen dersom barnehagesituasjonen ikkje vert avklart før søkjarfristen 1. mars.

– Dersom kommunestyret no på torsdag gjer eit vedtak i samsvar med utval for oppvekst og kultur si innstilling, og nokon krev lovlegkontroll, så ser eg at det kan vere utfordrande for foreldre å søkja om plass i den aktuelle barnehagen.

- Annonse -

– Samtidig skal kommunen tilby alle foreldre og barn med rett til barnehageplass ein plass, og det skal me gjere også i 2020. Me ønskjer absolutt ikkje å skape utryggheit for føredette rundt det, understrekar Hilt.

– Korleis vil dette påverke omdømet til dei kommunale barnehagane?

– Ein kan vere uroa over at sånne prosessar påverkar omdømet. Samtidig handlar dette om tall barnehageplassar og ikkje om innhaldet i det tilbodet me gir.

– Vil aldri kome på eit godt tidspunkt

– Hadde det vore lettare om dette vedtaket blei fatta om hausten, slik rådmannen la opp til?

– Ja, det kan godt vere. No kom jo dette forslaget i utgangspunktet i samband med budsjettframlegget, der det vart gjort eit vedtak om utgreiing av alternativ. Eit forslag om å leggje ned eit tilbod vil aldri kome på eit godt tidspunkt for dei som blir berørt, seier kommunalsjefen.

Samtidig erkjenner Hilt at rådmannen ikkje opplyste i saksframlegget at det måtte drøftingar til for å leggje ned Furuly barnehage, sjølv om rådmannen la fram denne løysinga som ei alternativ tilråding.

– Det sto ikkje noko i saka om at dette var drøfta eller ikkje. Dette var ei alternativ tilråding, men ein kan likevel tenkje seg at det burde vore kommentert, seier Hilt.

Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Må avklarast så raskt som mogleg

Stord-ordførar Gaute Epland (Ap), seier til Stord24 at tilbakemeldinga frå Dyrseth i praksis betyr at ein på torsdag er nødt til å fatte eit såkalla prosessleiande vedtak, i staden for eit endeleg vedtak.

– Viss kommuenstyet vel å gå for ei nedlegging av ein barnehage, må det fattast eit budsjettleiande vedtak. Det utestenger ikkje noko alternativ. Dei ulike alternativa ligg fast, sjølv om ein presiserer dette.

Ordføraren er klar på at det ikkje skal herske nokon tvil om kvar eventuelle barnehagekutta kjem innan fristen for å søkje plass 1. mars.

– For min del er det viktig at viss ein skulle kome til å leggje ned, så må det vere avklart i god tid før 1. mars. Skal me gå til nedlegging, må det avklarast så raskt som mogleg. Då kan ein ikkje ta det opp igjen.

– Men korleis vil ein rekkje eit endeleg vedtak innan 1. mars, når Dyrseth åtvarar mot å gjere eit endeleg vedtak på torsdag?

– Ein kan jo gi fullmakt til enten utvalalet eller til administrasjonen om å gjennomføre vedtaket. Det er ikkje noko problem å gjennomføre dette før neste kommunestyremøte.

Å ikkje kutte er ikkje eit alternativ

Epland skulle likevel ønskt at opplysninga om behov for drøftingar hadde kome fram før.

– Me er heilt samd i at dette burde ha kome før, og noko utvalet burde blitt oppyst om før sitt møte. Så er det iallfall bra at dette kom fram før kommunestyret.

Stord Arbeidarparti hadde gruppemøte om saka måndag kveld. Epland vil ikkje avsløre kva partiet landa på, men han er klar på at å la vere å kutte i barnehageplassar ikkje er eit alternativ.

– Nei, fordi at me er i ein situasjon der me har for mange barnehageplassar. Me går med overkapasitet, og fyller ikkje opp barnehagane. Me har ikkje råd til å gå med ein beytdeleg overkapasitet.