Smittevernlege på Bømlo, Kjetsti Follesø, åtvarar om at det fort kan blussa opp eit nytt smitteutbrot dersom folk er uforsiktige. Foto: Bømlo kommune
- Annonse -

Smittevernoverlegen oppmodar folk på Bømlo til å ikkje oppsøke forsamlingar før situasjonen er avklart.

Dersom me får aukande smittespreiing på Bømlo, kan det bli naudsynt å innføre lokale tiltak som til dømes stenging av møteplassar.

– Ein person som har vore på Bømlo har fått stadfesta Covid-19. Det er ikkje kjend kor personen har blitt smitta, men det er mistanke om at det kan ha vore på Bømlo, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

– Det tyder at det kan vere smitte i kommunen som ikkje er kjent.

Follesø oppmodar alle på Bømlo om å ikkje oppsøkje forsamlingar før situasjoen vert avklart.

– Dersom me får aukande smittespreiing på Bømlo, kan det bli naudsynt å innføre lokale tiltak som til dømes stenging av møteplassar.

- Annonse -

Smittevernlegen seier vidare at mange får berre lette eller ingen symptom, og kan spreie smitte utan å vere klar over det sjølv. Koronasentralen på Bømlo har hatt kontakt med alle nærkontaktar til den som er sjuk, og desse blir testa.

Follesø minner om at alle framleis må følgje smittevernreglane om å halda avstand og ha gode hygienetiltak.

Sist registrerte smittetilfelle i Bømlo kommune var 1. mai.