Haugaland og Sunnhordland jordskifterett og Sunnhordland tingrett er føreslått samlokalisert.
- Annonse -

Samarbeidsrådet for Sunnhordland trur ikkje sorenskrivaren i Sunnhordland tingrett vil bli erstatta når Knut Gramstad går av med pensjon neste sommar.

Sommaren 2019 vil Gramstad gå av som sorenskrivar. Berre nokre månader etter vil Domstolkommisjonen levere ein rapport om den framtidige domstolstrukturen i landet.

Basert på tidlegare signal frå Domstoladministrasjonen kan det dermed spøke for framtida for Sunnhordland tingrett som eigen rettsinstans.

Dei har nemleg anbefalt at tingrettane bør ver på minst 8-10 dømmande årsverk, for å sikre god fagleg og økonomisk drift. Sunnhordland tingrett vil difor rett og slett vere for liten for å stå på eigne bein.

GIR SEG: Sorenskrivar Knut Gramstad går av med pensjon neste sommar. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Rår til samanslåing

For to veker sidan hadde arbeidsutvalet i Samarbeidsrådet for Sunnhordland eit møte med sorenskrivar Knut Gramstad og Jordskiftedommar Oddmund Roaldkvam i Sunnhordland og Haugaland jordskifterett.

Konklusjonen til rådet er at den beste strategien for å hindre ei nedlegging av begge desse rettsinstansane vil vere å sjå dei saman til ein domstol.

- Annonse -
- Annonse -

–  Me meiner at det er lite truleg at det vert tilsett ny sorenskrivar og at
Samarbeidsrådet difor må arbeida for å få til ei samlokalisering av jordskifteretten og tingretten med lokal leiing, skriv samarbeidsrådet.

Samarbeidsrådet viser i sin utgreiing at det i Sunnhordland er eit sterkt juridisk miljø, og at politiet på Stord har ei geografisk driftseining med lokalleiing.

– Saman med jordskifterett og tingrett utgjer dette ei solid klynge som kan vidareutviklast snarare enn å byggjast ned.

Samarbeidsrådet meiner eit truleg utfall kan bli at Sunnhordland tingrett blir lagt under sorenskrivaren i Bergen eller Haugesund.

Stordriftsfordelar

Jordskiftedommar på Stord, Oddmund Roalkvam.

Jordskiftedommar på Stord, Oddmund Roalkvam, meiner også at den beste løysinga er at tingretten på Stord blir samlokalisert med jordskifteretten.

- Annonse -

– Me ser for oss stordriftsfordelar ved å vere samlokaliserte. Me kan ha same administrasjon, og det å ha to domstolar 300 meter frå kvarandre tenkjer me er uhensiktsmessig.

Roalkvam fortel at dei tidlegare har teke til orde for dette ved to høve, i 2010 og 2014, men fekk avslag begge gongane, med grunngiving i at det ville vere for store økonomiske investeringar.

– Me såg på ei løysing å utvide tingretten sine lokale, men me fekk til svar at det vil vere ei for dyr løysing.

– Må posisjonere oss

Roalkvam meiner lokale krefter bør vere aktive i å posisjonere seg mot den nye strukturen det neste året, slik at Stord får behalde begge rettsinstansane.

– Eg tenkjer at dersom me kan bli samde om noko i vår region om samhandling, så posisjonerar me oss i staden for at kommisjonen kjem til ein koklusjon som me ikkje er nøgde med, seier Roaldkvam.

Fryktar ikkje underbruk av Haugesund

Dersom dette ikkje vil la seg gjennomføre å samlokalisere rettsinstansane og la Sunnhordland tingrett stå på eigne bein, meiner Samarbeidsrådet at den beste løysinga er at tingretten blir verande på Stord, men som ei avdeling under Haugaland tingrett.

Dette trur ikkje Roalkvam nødvendigvis vil vere negativt for Sunnhordland, slik Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø fryktar i eit innlegg på Stord24 i dag.

– Eg fekk inntrykk av at Samarbeidsrådet tenkjer på regionen Sunnhordland og Haugalandet som éin region. Viss dei gjer det, kan jo dette vere noko som styrker heile regionen mellom Bergen og Stavanger.

- Annonse -