Gruppeleiar i Høgre, Sverre Olav Svarstad, stiller spørsmål ved om Roy Sverre Amundsen i Stord vatn og avlaup (innfelt) har teke på seg for mykje ansvar. Foto: Høgre/Tysnes kommune
- Annonse -

Sverre Olav Svarstad (H) vil ha svar på om Roy Sverre Amundsen brukar kommunale avgifter til å finansiere andre kommunale oppgåver.

Gruppeleiaren i Høgre har sendt ein interpellasjon til ordføraren der han stiller spørsmål ved om dagleg leiar i Stord kommunalteknikk, Roy Sverre Amundsen, har fått for mykje makt.

Bakgrunnen er at det tidlegare kommunale føretaket Stord Vatn og Avlaup KF i 2016, der Amundsen før var dagleg leiar, vart ført attende som ei vanleg kommunal eining underlagt dei tekniske tenestene i kommunen. Amundsen har difor no ansvar for både vegvedlikehald og vatn og avlaup i Stord kommune.

Strenge reglar

Svarstad meiner det kan vere uheldig at same leiar skal ha ansvar for begge felta fordi vatn og avlaup skal finansierast gjennom kommunale avgifter, medan vegvedlikehald er finansiert gjennom det kommunale budsjettet.

– VA-sektoren er finansiert av avgifter frå innbyggjarane, og er underlagt strenge reglar for føring av ein sjølvkost-rekneskap. Det vil sei at me som innbyggjarar skal vere sikre på at avgifta me betalar for vatn og avløp, ikkje skal gå til finansiering av andre kommunale oppgåver, seier Svarstad.

No vil han at ordføraren skal garantere at det ikkje blir ei samanblanding av finansieringa.

- Annonse -

– Same leiar utfører utføre administrative oppgåver både for VA- tenester og vegtenester. Kan ordførar garantere at kommunen ikkje blandar saman desse oppgåvene, slik at me ikkje her får ei kryss- subsidiering mellom sjølvkostoppgåver og ikkje-sjølvkostoppgåver. Det gjeld ikkje berre for leiar, men for tilsette i området generelt, skriv Svarstad.

For dårleg informasjon

Høgre-politikaren meiner kommunen har vist for dårleg transparens når det gjeld utviklinga av tenestane sidan omlegginga.

– Etter dette har det vore lite informasjon om utviklinga av desse tenestene utanom årleg budsjetthandsaming og avgrensa omtale i Stord kommune si årsmelding frå 2016.

– Har du nokre konkrete dømer der du har sett ei samanblanding?

– Eg har ikkje noko nokre konkrete saker, men eg kan sjå at dette kan bli eit problem. Eg er veldig oppteken av at ein har kontroll på rekneskapen slik ta det bir korrekt. Dei må ha klare retningsliner for korleis dei fører kostnadane, seier Svarstad.

Svarstad seier han vil vurdere å sende saka til gjennomgang i kontrollutvalet i kommunen.

– Eg kjem nok til å avvente svaret frå ordføraren før eg bestem meg for å løfte saka til kontrollutvalet for å få ein forvaltningsrevisjon for sjølvkostrekneskapen.

– Ikkje uvanleg problemstilling

Kommunalsjef i Stord kommune, Lovise Vestbøstad, ønskjer ikkje å kommentere saka før ho kjem opp i kommunestyret.

– Dette er kome som ein interpellasjon. Då kjem eg ikkje til å svare før det kjem til kommunestyret. Ellers kan eg seie på generelt grunnlag at dette er ei problemstilling som kan dukke opp fleire stadar i kommunen, til dømes i regulering, byggesak og oppmåling, der me har nokre område som er med sjølvkost.

- Annonse -