Hendinga skjedde ved Kårevik på Stord.
- Annonse -

Ein mann i 40-åra er sendt til sjukehus etter at han hamna i sjøen utanfor Kårevik på Stord fredag ettermiddag.

Både politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til Kårevik i 15-tida etter at ein mann i 40-åra fekk problem då han var ute og bada med familien.

– Han begynte å kave i vatnet, og ropte han han hadde problem. Det skal ha vore mykje roping og skriking. Familien som sto på land fekk panikk og ringde etter hjelp, seier operasjonsleiar André Skram Hansen ved Sør-Vest politidistrikt til Haugesunds Avis.

Då nautetatane kom til staden hadde mannen, som er av utanlandsk opphav, klart å kome seg opp til eit skjær i nærleiken. Han var bevisst då brannvesenet frakta han til land i båt, skriv avisa.

- Annonse -

Mannen blei frakta i ambulanse til Stord sjukehus for sjekk.

- Annonse -