Sigbjørn Framnes. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Terrorangrepet mot moskeen i Bærum var ikkje berre eit åtak på eit gudshus og uskuldige menneske. Det var også eit åtak på trusfridomen.

Av: Sigbjørn Framnes,
Ordførarkandidat, Stord FrP

Trusfridom er sterkt forankra i FrPs ideologiske grunnsyn og ryggmargsrefleks. I det liberalistiske grunnsynet som FrP er tufta på er religionsfridom saman med ytringsfridom heilt sentrale verdiar som me er nøydd å stå opp for kvar einaste dag.

Terrorangrepet mot moskeen i Bærum var ikkje berre eit åtak på eit gudshus og uskuldige menneske. Det var også eit åtak på ein sentral og grunnlovsfesta rett og verdi i Noreg, nemleg trusfridomen.

- Annonse -

Alle menneske skal få tru på den guden dei vil. Alle menneske skal føla seg trygge i sitt gudshus, uavhengig av om det er ei kyrkje, ein moske eller ei synagoge. Dette sa vår partileiar Siv Jensen i etterkant av åtaket. Me i Stord FrP stiller oss fullt og heilt bak Siv sin kommentar.

Noreg er eit fritt land med ytringsfridom og eit land der alle og einkvar av oss har rett til å tru på den guden me ynskjer. FrP vil forsvara denne retten for alt i verda. Ikkje la nokon innbilla deg noko anna.

- Annonse -