Siv Jensen. Foto: Framstegspartiet
- Annonse -

Det er samla sett ikkje grunnlag for at Frp blir i regjeringa, seier partileiar Siv Jensen.

Frp-leiaren seier at ho meiner at statsminister Erna Solberg (H) framleis er den rette til å styra landet.

– Eg tok oss inn i regjering, no tar eg oss ut av regjering. Me får rett og slett ikkje gjennomført nok av Frps politikk til at det er verdt å bli påført fleire tap, seier Siv Jensen på ein pressekonferanse måndag.

Jensen sa på pressekonferansen at ho er stolt av politikken Frp har gjennomført i regjering dei siste seks og eit halvt åra. At det var utfordringar òg i den første regjeringsperioden med Høgre, men at det var med regjeringsutvidinga problema for alvor byrja.

– Gradvis vart begeistringa meir og meir borte. Over tid har politikken vorte prega av for mange grå kompromiss, sa Jensen vidare.

Det ekstraordinære landsstyremøtet i Frp byrja klokka 12 måndag ettermiddag etter at Frp-leiar Siv Jensen tidlegare på dagen deltok i eit møte med statsminister Erna Solberg (H) på Statsministerens kontor (SMK).

- Annonse -

Samtidig med møtet i Frp-landsstyret, der fleire av medlemmene var med per telefon, heldt regjeringsmedlemmene i Høgre, Venstre og KrF eit eige møte ved Statsministerens kontor.