Ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: Om ikkje FrP kan sei kva investeringar og tenester dei vil kutta er lovnaden om å fjerne eigedomsskatten like truverdig som partiet sin lovnad om å fjerna samtlege bompengar så snart dei kom i regjering. 

Av: Gaute S. Epland,
Ordførarkandidat, Stord Ap

Stord har blitt satsingskommune for FrP. Så langt ser det ut til å bety svartmåling av eigen kommune og skjønnmåling av Os – i tillegg til ny bil med bilete av toppkandidatane.

Kor vidt dette er ein god strategi, vil det nok vera ulike meiningar om. Men eg vil tru det er fleire enn eg som kunne tenkja seg å høyra meir om kva konkrete løysingar FrP har på dei utfordringane Stord kommune står overfor i åra som kjem.

Ikkje minst gjeld dette FrP si hovudsak dette valet: Kommuneøkonomi og eigedomsskatt. I innlegg etter innlegg vert same bodskap gjenteke: Kommuneøkonomien er ute av kontroll, og eigedomsskatten både kan og må fjernast. Faktiske forhold me andre må forhalda oss til som skattesvikt, reduserte overføringar, underfinansierte reformer og auka kapitalkostnader knytt til nye investeringar, vert ikkje nemnt.

Her trengst berre ”ny retning”, ”handlekraft”, ”tydelege prioriteringar” og ”effektivisering som ikkje går utover sluttbrukaren”.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kva FrP nærmare bestemt meiner med dette, vert desto meir uklart når me veit at partiet har stemt imot så godt som alle innsparings- og effektiviseringstiltak denne perioden, og samstundes ikkje berre har vore einig i dei store investeringane som er gjort, men endåtil, iallfall når det kjem til Nysæter, har råd til å overgå alle andre.

Sjølvsagt går det an å fjerna eigedomsskatten. Men det vil bety investeringsstopp, omfattande kutt i tenesteilbodet og omfattande privatisering. Det trur eg også FrP veit.

Om ikkje FrP kan sei kva investeringar dei vil droppa (og nei, det er ingen som har løyvd pengar til oppgradering av rådhuset) og kva tenester dei vil kutta og privatisera, så er lovnaden like truverdig som partiet sin lovnad om å fjerna samtlege bompengar så snart dei kom i regjering.

Eller verre: Det er eit ureieleg politisk spel i tråd med det FrP ytra i samband med budsjetthandsaminga i fjor haust: ”De må jo forstå at det er forskjell på å sitja i posisjon og å sitja i opposisjon: Me (opposisjonen) kan bruka dei same kronene både to og tre gonger, me.”

- Annonse -