Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

– Ulukka framstår som alvorleg, melder politiet.

Klokka 10.45 onsdag føremiddag fekk naudetatane melding om at det hadde skjedd ei frontkollisjon mellom to personbilar ved Gassasundet på Bømlo.

Det er tre personar involvert i ulukka. To av desse er frakta til Stord sjukehus med ambulanse. Den tredje personen har fått hjelp av helsepersonell på staden.

Politiet har ikkje informasjon om skadane på dei som er frakta til sjukehuset.

– Det er begge førarane som er frakta til Stord sjukehus. Me veit ikkje noko om skadane dei eventuelt har, då dei blei raskt frakta til sjukehuset. Den tredje personen, som var passasjer i den eine bilen, er truleg lettare skadd, opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sørvest politidistrikt til Stord24.

Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Dei to førarane som er frakta til sjukehuset er ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra. Den tredje personen som var involvert er ei kvinne i 50-åra.

- Annonse -

Politiet opplyser at ulukka har skjedd i krysset mellom Mostravegen og Bremnesvegen, rett før Trekantsambandet.

– Årsaka til ulukka er brot på vikeplikta i samband med dette krysset, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at politiet gjer undersøkingar på staden, og at Vegtrafikksentralen i tillegg har satt ulukkesgruppa på saka. Det er førebels ikkje bestemt om føraren som forårsaka ulukka får førarkortet beslaglagt.

– Det må koma eventuelt i etterkant.

Vegen på ulukkesstaden var stengt ei tid etter ulukka. Det skal ha vore ein del oljesøl på ulukkesstaden. Etter kvart vart det opna for manuell dirigering.

Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24