Kurt Arne Tyse (t.v.) og Trygve Landmark er godt nøgde med avtala om overtakinga av Fronta Maskin.
- Annonse -

Landmark Maskin på Bømlo blir det største entrepenørselskapet i Sunnhordland når dei no tek over Fronta Maskin.

Frontagruppen skriv i ei melding at dei ønskjer å satse sterkare på kjerneverksemda si som bygg- og bustadentreprenør, og at salet av Fronta Maskin er eit ledd i denne spissinga.

– Eg ser svært positivt på at me no blir ein del av Landmark Maskin, der me vil få større kapasitet og inngå i eit større fagmiljø, seier dagleg leiar i Fronta Maskin, Torodd Olsen.

Blir størst i Sunnhordland

Fronta Maskin har hatt ei årleg omsetnad på mellom 35 og 40 millionar kroner. Kva Landmark Maskin måtte ut med for å sikre seg Stord-verksemda er ikkje kjend.

Gjennom oppkjøpet får Landmark Maskin åtte nye tilsette, samt heile maskinparken og prosjektporteføljen til Fronta Maskin. Det gjer at firmaet blir den største anleggsentreprenøren i Sunnhordland, med totalt 53 tilsette og ei venta årleg omsetnad på rundt 110 millionar kroner.

- Annonse -

– Hovudmålsetnaden med denne avtala er å utvikle samarbeidet med Fronta vidare, eit samarbeid me ser stort potensiale i. Dei tilsette i Fronta Maskin er dyktige og vil styrke kompetansen og organisasjonen vår ytterlegare, seier dagleg leiar Trygve Landmark i Landmark Maskin.

Prosjekt på Bømlo

Eit av prosjekta Fronta og Landmark Maskin vil samarbeide om er utbygginga av bustadfeltet Øyjordsvika på Moster, der det er planlagt 20 leilegheiter.

– Dette blir Fronta sitt aller første bustadprosjekt på Bømlo. Landmark Maskin blir ein viktig medspelar både i prosjekteringa og anleggsfasen, seier Kurt Arne Tyse i Fronta.

Fronta har kjøpt tomt i Øyjordsvika på Moster til sitt første bustadprosjekt på Bømlo. Her blir Landmark Maskin ein viktig samarbeidspartnar. Foto: Landmark Maskin