Fronta-sjef Kurt Arne Tyse seier at salet av Biltema-bygget var planlagt. Foto: Biltema/Fronta
- Annonse -

Få månadar etter at Biltema opna på Heiane Vest, har Fronta selt bygget unna til selskapet Multi Vedlikehold i Aksdal.

– Det stemmer at me skal selje bygget. Eg har nett fått kontrakten i handa. Den skal eg signere i morgon, seier Kurt Arne Tyse i Fronta.

Kjøparen av bygget er firmaet Multi Vedlikehold, som held til i Akdal næringspark utanfor Haugesund.

– Summen vil eg ikkje seie noko om, seier Tyse.

Men han legg ikkje skjul på at dei har tent pengar på salet. Bygget kosta Fronta 53 millionar kroner.

– For å seie det sånn så har me gått i pluss. Ellers hadde me ikkje selt det.

- Annonse -

– Kva tid vart det bestemt at de skulle selje bygget?

– Nei, det var planen heile vegen.

Det er ikkje første gong Fronta sel unna næringseigedom kort tid etter bygga vart ferdigstilt. Det same skjedde mellom anna etter at Rema 1000-bygget i Sagvåg vart ført opp.

– Me sel unna mykje bygg, og det har med at me ikkje vil bygge balansane våre for store ved å sitje og eige for mykje. Me har vel selt næringsbygg dei siste fem åra for 600 millionar kroner.

- Annonse -