Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me er veldig lei oss for denne situasjonen og synest det er veldig, veldig trist.

Like etter barnetoget ved Leirvik skule hadde passert Vikabrekko blei ein fem år gammal gut påkøyrd 17. mai.

Like før oppsto det ein dramatisk situasjon utanfor Stord, då ein fritidsbåt byrja å brenne.

Jan Ove Anthun er brannsjef i Stord brann og redning. Foto: Stord kommune

No viser det seg at det var ei samanheng mellom desse hendingane. Det var nemleg ein frivillig brannmann i Stord brann og redning som køyrde på guten, då han var på veg til brannstasjonen.

– Eg kjenner lite til detaljane anna enn at det er ein av våre frivillige brannmenn som var involvert i ulukka, og at han er teken hand om av politiet. Dette blir ein personalsak der me har prosedyrar som me skal følgje, fortel brannsjef på Stord, Jan Ove Anthun til Stord24.

Han fortel at det frivillige brannmannskapet køyrer i sin eigen privatbil på veg til brannstasjonen når alarmen går, og at dei aldri har høve til å køyre over fartsgrensa, uansett kor mykje det måtte haste.

- Annonse -
- Annonse -

– Desse frivillige bur heime, og når alarmen går skal dei kome seg til stasjonen så fort som mogleg, men innanfor trafikkreglane. Dei har ikkje på nokon måte lov til å bryte fartsgrensa, noko eg heller ikkje har inntrykk av at blei gjort her.

– Veldig, veldig trist

Anthun viser vidare til varabrannsjef Frode Lillerud for kommentar, som kjenner betre til saka.

– Me er veldig lei oss for denne situasjonen og synest det er veldig, veldig trist. Det er klart at når dette skjer på 17. mai med folkekaos og alt, så pregar dette oss alle, seier Lillerud.

- Annonse -

Han fortel at innsatsleiaren og sjåføren som køyrde på guten har besøkt han på sjukehuset i dag.

– Me har hatt ein dialog med barnet og faren, og i dag var innsatsleiaren og sjåføren som var uheldig oppe på sjukehuset i dag, og då har me også hatt med oss ein Bjørnis-bamse. Eg forstår at det går bra med guten, og at han skulle heim igjen i dag.

– Denne ulukka kunne fort enda mykje verre, kor alvorleg ser de på det som har skjedd?

– Me ser veldig alvorleg på ei slik hending, og me kjem til å bruke hendinga i dialog med eige mannskap for å understreke at ein må forhalde seg til trafikkreglane på veg til utrykkng, noko eg meiner mannskapet er inneforstått med, seier Lillerud.

Politiet stadfesta i går at dei rutinemessig har teke førarkortet til mannen som køyrde på guten, og at saka vil bli etterforska vidare over helga.

5-åringen kom heldigvis frå ulukka utan alvorlege skader. I følgje VG skal han ha fått hjernerystelse og skulle bli verande på sjukehuset til observasjon over natta.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -