Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lesarbrev: For nokre var dette første gang med slalåmski på beina, for andre var det eit etterlengta gjensyn med puddersnøen.

Fritidsklubbane Harri og Litlabø,
v/ Gisle Østrem

Laurdag 9. mars reiste fritidsklubbane Harri og Litlabø til Røldal skisenter. Dette har blitt ein tradisjon for klubbane. Usikre værmeldingar bidrog nok til at fleire ikkje melde seg på, men 21 personar inkludert dei vaksne klubbarbeidarane drog tidleg laurdags morgon med eigen buss frå Heiane. Ein liten pit stop på Haukås for å fylla på med snacks og drikke, før turen gjekk vidare til Røldal.

Framme i Røldal hadde me god plass i bakkane, sjølv om veret ikkje var så gale som det var meldt.

For nokre var det første gang med slalåmski på beina, for andre var det eit etterlengta gjensyn med puddersnøen. For det hadde snøa ganske godt heile veka, som gav oss eit godt og mjukt føre.

Opp og ned bratte bakkar med fart og spenning, og dei meir snille bakkane, knall og fall, – dei erfarne ungdommane hjalp nye. Timane føyk av gårde og kl 16:30 var det ein glad og sliten gjeng som satte kursen heim igjen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Takk til SKL som sponsa oss. Dette gjorde det mogleg for oss å dra på tur i år også.

Helsing

 

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -