Foto: Richard Sagen/Adresseavisa
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den var 19 år gamle Daniel Andreas Derås som omkom i kollisjonen på E6 søndag morgon.

Politiet frigir namnet no namnet på den omkomne stordabuen, eitt døger etter ulukka ved Melhus i Trøndelag.

19 år gamle Daniel Andreas Derås hadde fast bustadadresse på Stord, men var på køyretur for å besøke familie i Trøndelag.

Ifølge politiet skal mannen ha kome over i motsett køyrefelt, då han kolliderte med trailaren.

Då politiet kom til staden, satt mannen fastklemt i personbilen.

– Mannen blei erklært død av den første legen som kom til ulukkesstaden, seier seksjonsleiar for etterforsking i Trøndelag politidistrikt, Per Christian Stokke, til BT.

- Annonse -

Det var kanadisk, militært personell som kom først til staden og som bidrog med førstehjelp.

Lastebilsjåføren vart sterkt prega av ulukka.

– Lastebilsjåføren er ein mann i 50-årene. Han kom fysisk uskadd frå ulykken, men var veldig prega etterpå og fekk hjelp av helsepersonell på staden. Han blei seinere teken hand om av kollegaer, opplyste operasjonsleieren til Adresseavisen.

- Annonse -