Foto: Jonas Sætre/Stord24/politiet
- Annonse -

Det var 44 år gamle Michail Blazevic frå Litauen som mista livet i dødsulukka.

Torsdag førre veke mista ein mann livet på Stordabrua då bilen han satt i blei treft av ein gjenstand som løysna frå eit motgåande vogntog.

Blazevic ville ha fylt 44 år denne veka. Han var opphavleg frå Litauen, men hadde bustadsadresse i Mosterhamn.

Han jobba for Malerfirma O. Kjelsnes på Stord. I følgje arbeidsgivaren hadde han vore tilsett der i rundt eitt års tid. I følgje Sunnhordland etterlet mannen seg kone og tre born.

Måndag kveld var Stordabrua stengt i 15 minuttar grunna minnesmarkering for dei pårørande.

- Annonse -
Forrige artikkelValdssikta foreldrepar lausletne frå varetektsfengsling
Neste artikkel«Nemo» vart sparka av ein framand ungdom: – Han hylte til og byrja å blø
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no