Det var her i Folderøyvatnet på Bømlo at ulukka skjedde. Flyfoto: Gule sider
- Annonse -

Politiet har i samråd med familien valt å frigjera namnet på guten som omkom i den tragiske drukningsulukka på Bømlo laurdag.

Det var Harald Hodne frå Folderøy på Bømlo som omkom i drukningsulukka laurdag.

Hodne var berre 14 år gammal. Han var ute på badetur saman med tre kameratar laurdag, då kameratane plutseleg mista han ut av synet.

Det tok over ein time før dykkarar frå brannvesenet fant guten og fekk han på land. Det vart utført hjarte- og lungeredning, men livet sto ikkje til å redda.

– Omstenda rundt hendinga blir rutinemessig etterforska av politiet, seier operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i Sørvest politidistrikt.