Foto: Helene Vaksdal
- Annonse -

I fjor debuterte ho med låta «Sweet Child O’Mine» på Spotify. No er Frida Pedersen Nygård (24) klar med sin aller første solokonsert.

– Eg gler meg veldig, men det er sjølvsagt litt skummelt. Konserten varer jo éin time i strekk, så det blir på ein måte noko litt anna enn enkelte solooppdrag, seier songtalentet til Stord24.

Laurdag 18. august inviterer Nygård til konsert på Valentina i Leirvik sentrum. Dette er første gang ho arrangerer konsert som soloartist.

– Handlar om å få ei oppleving

Nygård blei kjend gjennom coverversjonen «Sweet Child O’Mine» i mai i fjor, då ho ga ut sin første singel på Spotify. Mange kjenner ho likevel att frå blant anna Stord Ungdomskor og Noregs Ungdomskor.

Ho har brukt god tid på å planlegge laurdagens konsert.

– Eg har tenkt på det ei god stund, at eg ynskjer å gjere dette. Akkurat no handlar det mest om å øve inn låtane og finne ut korleis eg vil presentere dei for publikum. For meg handlar musikk om å få ei oppleving.

Lovar god musikk

- Annonse -

– Kva oppleving vil du at publikum skal få?

– Publikum kan forvente ein koseleg kveld og avslappa stemning, seier ho. – Eg skal covre nokre skikkeleg gode låtar, og har litt forskjellig å by på.

Sidan singelsleppet i fjor har ho fått fleire positive tilbakemeldingar frå folk som likar musikken. Nygård ser ikkje vekk i frå at det kan kome ein ny singel utover hausten.

– Eg elskar å drive på med dette, og ser på det som ei erfaring eg kan ta med vidare.

- Annonse -