Illustrasjonsfoto: Franzefoss Gjenvinning
- Annonse -

Gjenvinningsselskapet etablerer seg på ein tre mål stor tomt ved sidan av Wärtsilä på Heiane, og ser fram til å satse stort i Sunnhordland.

– Me har nyleg skrive ein tiårskontakt med Franzefoss Gjennvinning på eit tre mål stort areal nedenfor Wärtsilä-bygget på Heiane. Me har jobba med desse i fire år, så det er veldig kjekt at dette endeleg kjem på plass, seier salssjef i Fronta, Magne Jostein Mikkelson.

Gjenvinningsselskapet skal bygge ein omlastestasjon på tomta, som ligg i enden av vegen som sluttar ved Wärtsilä-bygget. Fronta skal no i gang med planering og forlengelse av vegen på Heiane Vest.

Vekstområde

Regionleiar i Franzefoss Gjenvinning, Arne Dalen, fortel at dei ser på Stord og Sunnhordland som ein spennande marknad.

– Me er i dag etablert i Bergen og Haugesund og har funne ut at Stord er eit veldig interessant område å etablere seg i. Me har allereie nokre kundar på Stord, og ser jo på Stord som eit veldig vekstområde, seier Dalen.

- Annonse -

Ved første omgang skal det byggast ein omlastestasjon, men Dalen håper på gradvis utviding og nye arbeidsplassar etter kvart.

– Me skal ikkje bygge så mykje i første omgang, så me kjem til å utvikle seg litt etter kvart som me veks. Det blir litt utifrå korleis responsen blir blant kundane.

Håper på industrikontraktar

Blant dei største kundane i Sunnhordland er Hordaland fylkeskommune og alle dei vidaregåande skulane. Han legg ikkje skjul på at dei viktigste potensielle kundane no vert dei større industribedriftene, som Kværner. I Haugesund har dei nemleg kontrakt med Aibel.

Dalen trur den fysiske tilstadeverelsen gjer at det blir lettare å skaffe nye kundar.

– Me er veldig opptekne at dei som betjener Sunnhordland skal vite korleis det ser ut. Det vil gjere at me yter betre service overfor kundane.

Ragn-Sells på Eldøyane vil bli hovudkonkurrenten til det nye gjenvinningsverksemda.