Heile redaksjonen i Framtida.no og Framtidajunior.no (frå venstre): Ragnhild Sofie Selstø, Christian Wiik Gjerde, Runar B. Mæland, Janne Nerheim, Arnt Olav Foseide og Svein Olav B. Langåker.
- Annonse -

– Me vil ta barn og unge på alvor, og bidra til å visa fram og auka engasjementet deira, seier redaktør Svein Olav Langåker.

Framtida-redaksjonen, som har hovudkontor på Stord, er allereie ute med den nye nettavisa Framtidajunior.no. Om nokre veker kjem avisa også ut i papirformat. Det vil bli den første nynorske papiravisa for barn i Norge.

– Me vil laga eit tilbod er så spennande og godt at borna vil ha lyst til å bruka det i fritida – og så lærerikt og bra og nyttig at foreldra og lærarane vil ønska at ungane bruker det på skulen og heime, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Stor vekst

Framtidajunior.no er den største satsinga sidan Framtida.no blei starta for sju år sida. Nyhende- og debattavisa for ungdom har opplevd ein stor auke i brukartalet, og har så langt i år hatt over ein halv millionar brukarar innom nettsidene sine.

Det er eit stort spleiselag som er med på å finansiere den nye avisa. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Framtida.no, Magasinett, ABC Startsiden og Samlaget står bak initiativet, og har fått støtte både frå Kulturdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Sparebanken Vest.

- Annonse -

– Me er veldig glade for spleiselaget me har fått til, seier Langåker.

Ny tilsett på Stord

Nysatsinga gjer at den samla ramtida- redaksjonen, som er fordelt på kontor på Stord, Oslo og Bergen aukar frå fem til sju tilsette. No får også redaktør Langåker ein kollega på Stord.

– Me har tilsett to personar, ein på Stord-kontoret og ein i Oslo. Totalt blir me no sju personar som vil jobbe i Framtida, fortel Langåker.

– Men er det berekraftig å satse på ei papiravis i 2017?

– Eg tenkjer at når Aftenposten Junior har fått 30.000 abonnentar, så er det eit godt teikn. Så har me jo snakka både med elevar og lærarar, og det er noko eige å halde noko i hendene. Mesteparten av trafikken til nettavisene går jo via sosiale media, men for barn som ikkje er på sosiale media er det ikkje så lett å treffe dei.

Kan miste støtta

Parallelt med nysatsinga står Framtida, igjen, i fare for å miste statsstøtta. Regjeringa har nemleg føreslått å kutte 1,2 millionar kroner i støtte til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Langåker er likevel optimistisk på at støtta blir redda, slik den også har blitt gjort fleire gonger tidlegare.

– Eit slikt kutt vil me merke veldig godt, og no heilt i oppstarten kjem det på eit veldig dårleg tidspunkt. No får me håpe på at stortingsfleirtalet klarer å sikre støtta.

- Annonse -