grafikk: BT
- Annonse -

Etter at 3000 av røystene på Stord ligg Framstegspartiet an til å gjere sitt beste val på Stord nokon sinne. Ap klarar også å halde stand, med over 30 prosent oppslutnad.

Resultata av førehandsrøystene er klare. Det utgjer 3.125 røyster, eller 31 prosent av røystene på Stord.
Tala viser at Framstegspartiet ligg an til eit svært godt val på Stord. Partiet går fram 6,28 prosentpoeng samanlikna med valet i 2015, og er det nest største partiet på Stord med ei oppslutnad på 18 prosent.
Dersom dette blir resultatet er det ny rekord for partiet i lokalvala på Stord, i eit år der partiet ligg an til eit dårleg resultat nasjonalt.
Arbeidarpartiet får 30,9 prosent av førehandsrøystene, som er omtrent det same som for fire år sidan.
Partiet som tapar flest veljarar er SV, med ein nesten halvering av oppslutnaden frå valet i 2015. Partiet får 6,3 prosent av røystene, som er ein nedgang på 5,35 prosentpoeng.
Senterpartiet er ein av vinnarane når det gjeld førehandsrøyster. Partiet går opp 3,47 prosent og landar på 12,4 prosent.
- Annonse -