Terje Søviknes og Sigbjørn Framnes er på topp for Vestland Frp. Foto: Frp
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabuen sikra seg nest høgste plassering på nystifta Vestland Frp si fylkestingsliste.

Sigbjørn Framnes var på førehand innstilt av valkomiteen til å bli partiet sin andrekandidat, etter fylkesordførarkandidat Terje Søviknes. Det var difor ingen overrasking at han vart samrøystes valt på nominasjonsmøtet laurdag.

Framnes legg ikkje skjul på at det er spesielt samferdselspolitikk han ser mest fram til å jobbe med i det nye fylket.

– Med lang erfaring frå kollektivbransjen ser eg frem til å jobba med kollektivtilbodet i heile Vestland fylke.

– Me blir eit stort fylke, og vår jobb er at innbyggjarane kan reisa saumlaust anten det er jobb- eller fritidsreiser. Buss, ferje, snøggbåt og flytilbod må korrespondere slik at mobiliteten aukar. Det tener både næringslivet og folk flest på, seier Framnes.

- Annonse -

Det er ikkje det einaste toppvervet Framnes har i Vestland Frp. Han blei også attvald som organisatorisk nestleiar i partiet.

- Annonse -
- Annonse -

Det er ei rolle han sannsynlegvis vil dele med Akhtar Chaudhry frå Stord, som er innstilt som organisatorisk nestleiar i Vestland SV.

FrPs liste til fylkestingsvalet ser etter nominasjonsmøtet slik ut;

  1. Terje Søviknes (Bjørnafjorden)
  2. Sigbjørn Framnes (Stord)
  3. Helge Stormoen (Bergen)
  4. Rosalind Fosse (Askøy)
  5. Frank Willy Djuvik (Kinn)
  6. Bjarte Vatnøy (Alver)
  7. Renate Møgster Kleppsvik (Austevoll)
  8. Gunnar Bakke (Bergen)
  9. Gustav Bahus (Bjørnafjorden)
  10. Hogne Bleie (Stad)
  11. Anita G. Johannessen (Øygarden)
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -