Astrid Østerlid i NAV melder om særleg høg etterspurnad etter arbeidskraft innan helse og omsrog og undervisningssektoren. Foto: NAV
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Botn når det gjeld arbeidsløyse på Stord er ikkje nådd. No er den ordinære arbeidsløysa på Stord på 1,6 prosent.

Dei siste åra har arbeidsløysa på Stord gått dramatisk nedover, etter krisa i oljeindustrien for 4-5 år sidan.

I fjor gjekk den ordinære arbeidsløysa på Stord under 2 prosent, og så langt i år har den i utgangspunktet svært låge arbeidsløysa halde fram med å gå ned.

Ved utgangen av april har NAV registrert ei arbeidsløyse i Stord på 1,6 prosent. Det er ein prosentvis nedgang på heile 36 prosent i høve same tidspunkt i fjor. Tek ein med dei som er i forskjellige NAV-tiltak er talet 2,2 prosent.

– Det er gledeleg å sjå at dei positive tala for arbeidsmarknaden i Sunnhordland held fram, seier Astrid Østerlid, som er leiar i NAV i Sunnhordland.

Ho stadfestar at det største problemet i arbeidsmarknaden no er at det ikkje er nok folk til å fylle stillingane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me registrerer at det er høg etterspurnad etter arbeidskraft i regionen. Denne månaden er det særleg mange utlyste stillingar innan helse og omsorg, undervisning og sosiale fagfelt, seier ho.

Førre veke synte tal at det innan sjukepleiar- og lærarutdanninga på Stord har vore ein sterk nedgang i søkjarar. Det bør kanskje noko som bør uroa dei som har ansvar for å rekruttere folk til stillingar i helsesektoren og skuleverket.

Slik er arbeidsløysa for dei andre kommunane i Sunnhordland-: Etne (1,3 %), Fitjar (1,7 %), Kvinnherad (1,6 %), Tysnes (1,8 %) og Bømlo (2,2 %),

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -