Frå markeringa av produksjonsstarten av Peregrino 2-bustadkvarteret på Leirvik AS vinteren 2018. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Talet på arbeidsledige i Stord og Sunnhordland er no nede på same nivå som ved dei gode tidene for fire-fem år sidan.

Arbeidsløysa på Stord er no nede i berre to prosent. Det er nest lågast i Sunnhordland, berre slått av Fitjar som no kan vise til ledigheitstal på 1,8 prosnet.

I september 2018 er det 153 færre heilt arbeidsledige personar enn i fjor på same tid. Tek ein med personar i arbeidsretta tiltak ser me ein reduksjon på heile 364 personar, melder NAV Sunnhordland i ei melding.

Den største nedgangen frå i fjor ser ein på Stord, med 82 færre registrerte arbeidsledige. Men justert for innbyggartal er det Fitjar som har hatt den sterkaste nedgangen, med 28 færre ledige.

Det utgjer ein 49 prosent av dei ledige. Med andre ord er arbeidsløysa i Fitjar nærast halvert sidan i fjor.

NAV er også svært glade for at Biltema endeleg fekk løyve til å starte opp varehus på Stord.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette var ei gladmelding også for oss i NAV. I staden for at dei 14 tilsette vart arbeidsledige, er dei sikra jobben sin og vil få fleire nye kollegaer, seier marknadskonsulent Sindre Vikanes i NAV.

Vikanes viser til at det nettopp er i varehandelen at mange slit med å finne seg jobb, og at Biltema-etableringa difor er ekstra positiv.

– Dette er positive nyhende for ein bransje som er under eit sterkt press og forandringar. Me registrerer både nyetableringar og avviklingar innan den lokale varehandelen. Hos NAV er yrkesgruppa «butikk og salsarbeid» blant dei med flest arbeidsledige.

– Me veit det er stor konkurranse om ledige stillingar innan varehandel, og det er difor bra at det vert skapt nye arbeidsplassar som til dømes ved Biltema, seier Vikanes.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -