Willie Wågen er prosjektleiar for det nyoppretta katapult-senteret Sustainable Energy norsk katapult-senter. Foto: NCE Maritime CleanTech
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit nytt nasjonalt testsenter for utvikling av grøne energisystem er no i drift på Stord. – Gull verdt for industrien, seier senteret sin første kunde.

Pressemelding frå NCE Maritime CleanTech

I juni i år fekk næringsklynga NCE Maritime CleanTech på Stord i oppdrag frå Selskapet for Industrivekst (SIVA) å byggja opp eit nasjonalt katapultsenter for utvikling av berekraftige energisystem for havnæringane.

Senteret har fått namnet Sustainable Energy norsk katapult-senter, og vart stifta 20. desember.

Testanlegg for grøn teknologi

Inn på eigarsida går Norwegian Maritime Energy Complex, Unitech, Haugaland Kraft, Bergen Teknologioverføring og NCE Maritime CleanTech.

Gjennom senteret skal norske industribedrifter få tilgang til å leiga utstyr og kompetanse for å testa ulike typar berekraftige energisystem med til dømes batteri og hydrogen brenselceller.

- Annonse -
- Annonse -

– Senteret har stor breidde, med kompetanse frå forskingsmiljø, teknologiselskap og reiarlag. Me står no klare til å ta imot selskap frå heile Noreg og bidra til at nye idear vert utvikla raskare, billegare og med mindre risiko, seier prosjektleiar for Sustainable Energy norsk katapult-senter, Willie Wågen.

Breitt spekter av tenester

Fasilitetar tilgjengeleg i den nye Katapulten er blant anna The Switch sitt testsenter for maritim kraftelektronikk på Stord, UNITECH Offshore sine anlegg på Stord og Bømlo, Haugaland Kraft sitt mikronett på Utsira, skip frå fleire reiarlag, samt testfasilitetar i sjø hos MetCenter.

- Annonse -
Hege Økland, Foto: NCE Maritime CleanTech

Senteret tilbyr også kompetanse og fasilitetar frå ei rekkje forskingsinstitusjonar som IFE, UiB, NHH/SNF, IFE og NORCE. I tillegg er næringsklynga NCE Maritime CleanTech sentral i den nye satsinga saman med bedriftsnettverket Norwegian Marine Energy Complex.

– Ved å gi bedrifter tilgang til testfasilitetar i verdsklasse bidrar senteret til at industrien kan få nye produkt og løysingar raskare ut i marknaden. Senteret får såleis ei viktig rolle både når det gjeld å styrka norsk industri og å akselerera teknologiutviklinga me treng for å nå klimamåla våre, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

– Gull verdt for små selskap som oss

Sustainable Energy har kome opp og stå på rekordtid, og tok i desember imot sin fyrste kunde. Då utførte IKM Technology undervasstesting av ein elektromor i The Switch sitt testsenter på Stord. Motoren skal brukast i farkostar som legg kablar til flytande havvind-prosjekt.

– Å ha tilgang til slike fasilitetar i Noreg er gull verdt for små selskap som oss, som ikkje har midlar til å bygga opp tilsvarande anlegg sjølv. At me får testa produktet skikkeleg før me tar det ut i felten sparar oss for mykje tid og pengar, seier Jostein Reinsnos, dagleg leiar i IKM Technology.

– For norsk næringsliv er det viktig å få eit katapult-senter innanfor energiproduksjon, lagring, distribusjon og styring. Sustainable Energy Norsk katapult-senter inngår i ei nasjonal satsing som vil bidra til å styrka innovasjonsevna og dermed konkurransekrafta for bedrifter over heile landet, seier Bjørn Arne Skogstad, programleiar for Norsk katapult i Siva.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -