Foto: Midtsiden
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den nye operatøren for sambandet Halhjem-Sandvikvåg skal innføre høve for automatisk betaling frå årsskiftet.

Frå 1. januar 2019 er det ferjeselskapet Torghatten Nord AS som skal drifte sambandet Halhjem – Sandvikvåg.

I kontrakten med Statens Vegvesen er det eit krav at ferjeselskapet skal ha ein billettløysing med høve for automatisk betaling med brikker, som AutoPASS og EasyGo+.

Dermed kan ein allereie frå nyttår køyre direkte inn på ferja utan å stoppe i billettluka. Samtidig skal dei som ønskjer manuell betaling framleis ha høve til det.

Torghatten Nord vil i løpet av hausten bygge infrastrukturen slik at den automatiske betalingsløysinga kan takast i bruk frå 1. januar.

- Annonse -

– Torghatten Nord håpar å kunne begynne med fysisk arbeid i slutten av september, kjem det fram i eit møtereferat med Vegvesenet.

- Annonse -
- Annonse -

I møtet tok Vegvesenet også opp at operatøren måtte finne ei løysing som gjer at ein unngår sniking for dei som ikkje har AutoPASS.

– Ein må vurdere korleis sniking kan unngås, og vidare sjå på korleis ein kan forvisse seg om at alle køyretøy som er med på ferjeturen har betalt korrekt.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -