Severin Eskeland har sidan fredag jobba med innspelinga av "Final Girl" i Hystadmarkjo. Her gir han instruksjonar til Magdalena From Delis som spelar hovudrolla i den komande kortfilmen. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

Den nye kortfilmen «Final Girl» byr på grøssande menneskejakt. I Hystadmarkjo.

– Ja, takk!

Severin Eskeland har nettopp avslutta ei scene i tett vegetasjon, eit steinkast unna den populære stien gjennom Hystadmarkjo.

Ved inngangen frå båthamna i Sævarhagen er det skilta «Filminnspeling pågår» og innimellom lydane av forbipassarande turgåarar, må regissøren time dei neste scenene.

Glade vandrarar høyrer ikkje heime som bakgrunnsstøy i ein film der rike forretningsfolk har sleppt uskyldige menneske ut i ein skog – berre for jakte dei ned, og drepe dei éin etter éin.

Det har vore mykje liv og røre, blod og skrik i delar av Hystadmarkjo dei siste dagane. I nokre av scenene vart det nytta mykje røyk for å skape den rette stemninga. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

– Eg likar stemninga

Som Stord24 tidlegare har omtala, er Eskeland i full sving med nok ein filminnspeling. I kjent stil har regissøren frå Stord varsla groteske og blodige scener, og det er difor ikkje overraskande at det står kanner av jukseblod ved turløypa i naturreservatet.

- Annonse -

Ei av dei som får boltre seg med dei flytande verkemidlane er Eskeland sin tolv år gamle dotter, Dina Bergsvåg Eskeland. Å vekse opp med ein pappa som alltid har vore lidenskapeleg oppteken av grøssarsjangeren har hatt innverknad på Dina.

Blod må til i ein film som «Final Girl». Det sørgjer blant andre Dina Bergsvåg Eskeland for. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Det kjem nokså tydeleg til uttrykk der ho står midt på turstien med ein kapsel av blod på tunga. Snart byrjar det å fråde ut munnen hennar, og underteikna tenkjer at det er godt området er merkt med «Filminnspeling pågår».

– Å vere her er veldig kjekt. Eg likar stemninga og alle effektane, fortel Dina, som for augeblinken testar ut dei ulike typane av jukseblod.

Nyttar erfaringane til å skremme mor

Interessa for sminking kom tidleg, og gjennom åra har tolvåringen eksperimentert med stadig meir profesjonell sminke.

– Eg byrja som 7-8-åring på halloween – frå å vere heks det eine året, til å vere monster det andre. Eg kjøpte etter kvart inn litt betre sminke og til jul i fjor fekk eg ein god del «high tech»-sminke, voks og lateks. Eg lagar gjerne sår for å skremme livskiten av mamma, seier Dina og ler.

– Eg synest litt synd på ho av og til. Ho går på kvar gong.

Som sminkør på settet synest Dina at det aller kjekkaste er å kaste blod over skodespelarane. Og så gler ho seg alltid like mykje til å sjå resultatet på filmlerretet.

– Det er så kjekt å tenkje at «dette gjorde eg». Ein blir litt stolt.

Dina Bergsvåg Eskeland, dottera til regissør Severin Eskeland, er sminkør på filmsettet. Her testar ho ein av ampullane fyllt med blod. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Røyklagt og bloddekt skog

Delar av den til vanleg idylliske skogen bak Dina har gjennom helga blitt forvandla til ein uhyggeleg åstad.

Magdalena From Delis i ei av scenene, med Severin Eskeland bak kamera. Foto: Eske & Horn Filmproduksjon

Magdalena From Delis sine skrekkslagne hyl i eit teppe av røyk. Blodflekker i sterk kontrast til den grøne, frodige naturen.

– Eg elskar å jobbe med Severin. Han veit kva han vil, og så er det krevjande og det likar eg, smilar multikunstnaren From Delis, medan ho, utan å tenkje over det, står og gestikulerar med ein kniv som det framleis drypp blod frå.

I «Final Girl», som skal bli ein 10-14 minuttar «lang» kortfilm, spelar From Delis hovudrolla, slik ho også gjorde i den førre spelefilmen til Eskeland, «Lyst» (2017).

– Eg elskar å jobbe med Severin. Han veit kva han vil, og så er det krevjande og det likar eg, fortel hovudrolleinnehavaren Magdalena From Delis. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Frå politikk til filmsett

Blant buskar og kratt denne måndagen, finn ein derimot også to skodespelarar som knapt visste kva dei hadde sagt ja til før dei kom tuslande inn på settet. Som Stord24 allereie har røpa, er Stord-ordførar Gaute Straume Epland (Ap) ein av dei.

No er det også kjent at stortingsrepresentant og tidlegare ordførar Liv Kari Eskeland (H) blir å sjå på lerretet. Til liks med Epland trong ho ikkje lang tenketid då Eskeland tok kontakt.

– Eg var litt i tvil, men så er det nysgjerrigheiten i meg som berre ikkje let meg la vere å seie ja til noko slikt som dette. Me tek alle utfordringar på strak arm, smilar politikaren.

– Det var veldig kjekt å vere med på, heilt fantastisk, seier Liv Kari Eskeland om det å få spele ei rolle i den nye kortfilmen «Final Girl». Her saman med Stord-ordførar Gaute Straume Epland som også har ei rolle i filmen. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Held korta tett til brystet

Mellom filminga av dei ulike scenene i skogholtet fungerer turstien like ved som eit pause- og riggeområde. Det myldrar av folk – både sceneansvarlege, mikrofonhaldarar, skodespelarar og sminkørar. Midt oppi «kaoset» skiftar Eskeland klede etter ei scene mellom bregner og mosekledde tre.

– No er eg ferdig med rolla mi, og kva for ei rolle det er, det får de sjå når filmen blir vist, seier ho med eit lurt smil.

Mykje gjekk føre seg langs denne turstien gjennom populære Hystadmarkjo. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Ho er imponert over kor mykje arbeid som ligg bak ei filminnspeling.

– Det er jo eit stort apparat, og mange takingar. Dei må gjerast om att og om att og om att heilt til ein blir nøgd med både lys og lyd og korleis folk kjem inn og ut av scenene. Når ein sit og ser ein film, veit ein gjerne ikkje kor mykje arbeid som ligg bak.

– Det var veldig kjekt å vere med på, heilt fantastisk.

– Kva tenkjer du om å sjå deg sjølv på skjermen?

– Akkurat det kvir eg meg litt til, men det blir spennande. Det trur eg me kan love publikum, seier stortingspolitikaren og ler.

– Alltid sett etter eit høve til å filme her

Filmregissøren sjølv er strålande nøgd med å få filme i det vakre naturreservatet – og ikkje minst kome i mål. Han har nemleg eit heller mislukka forsøk bak seg, for eit par tiår tilbake.

– Eg prøvde å lage film her for 20 år sidan. Men den måtte me avlyse fordi den eine skodespelaren klipte seg under filminnspelinga. Han hadde langt hår, og dukka plutseleg opp med kort hår. Det er éin film i livet eg ikkje har fullført og det er den, fortel Eskeland.

– No er eg tilbake i Hystadmarkjo og eg har alltid sett etter eit høve til å filme her. Det er ein fantastisk fin skog og han er fantastisk fin til denne settinga. No fekk me drege med oss mange fine folk og frivillige til å hjelpe til, og staben har vore fantastisk.

– Det er ein fantastisk fin skog og han er fantastisk fin til denne settinga, seier Severin Eskeland om lokasjonen for filminnspelinga i Hystadmarkjo. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

– Ei god kjensle å få blodet på døra

Innspelinga denne dagen går tilnærma knirkefritt, i sterk kontrast til den første innspelingsdagen førre fredag.

– Me hadde ein bomdag på fredag fordi me filma i feil format store delar av dagen, sola var altfor sterk og me eksperimenterte med litt for mykje røyk. Det var nærast krigstilstander her. Det såg ut som Vietnam-krigen, seier ein litt oppgitt, men likevel blid regissør.

Eskeland og teamet hadde derimot ein knall dag på søndag, og måndag føremiddag er dei berre litt bak plan.

– Men det skal ein vere på ein filmproduksjon, elles er det noko som er galt, fortel Eskeland på den tredje og forhåpentleg siste innspelingsdagen.

Lenge var heile filmseansen utsett fordi jukseblodet frå utlandet vart forseinka i postgangen.

– Det var ei god kjensle å få blodet på døra, etter mykje om og men. Då det var på plass tenkte me «no er det berre å planlegge, få det i gong» – rett og slett tilkalle diverse politikarar og andre folk, og få dei ut til skogs!

Går alt etter planen vil «Final Girl» vere premiereklar i oktober i år.

– Skal me gi folk ein liten teaser, spør regissør Severin Eskeland før han stiller seg opp for dette biletet. Det er ikkje snille scener han filmar i Hystadmarkjo desse dagane. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24