Foto: FpU
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I løpet av det siste året har ungdomspartia til både Arbeidarpartiet og Høgre starta lokallag på Stord. No kjem Framstegspartiets Ungdom etter.

At ungdomspartia kan gjere ein stor forskjell i lokalsamfunnet ha ein verkeleg sett på Stord dei siste vekene. Ein liten gjeng i Sosialistisk Ungdom sto bak arrangementet Storapride, som trekte tusenvis av folk til sentrum og skapte nasjonal merksemd.

Men det er ikkje berre ungdom som sympatiserer med venstresida i politikken som ønskjer å engasjere seg.

– Me blitt kontakta av ungdom på Stord som har spurt om me ikkje kan starte eit lokallag av FpU. Dette handlar om at ein har veldig sterk fokus på sosialistiske ungdomsparti på Stord, seier Martin Virkesdal Jonsterhaug, som er formann i Hordaland FpU.

Vil gjere ein forskjell

6. oktober kjem han til Stord for å vere med på stiftingsmøte av Sunnhordland FpU.

– Me har undersøkt litt med partiet, og funne ut at det er ein del ungdommar som er misngøde med det sosialistiske styret som er på Stord i dag, og som vil vere med å gjere ein forskjell.

- Annonse -
- Annonse -

Dersom FpU lukkast i å stable på beina eit lokallag på Stord, vil det då vere fire partiar som har ungdomsorganisasjonar på Stord. Frå før er Sosialistisk Ungdom, AUF og Unge Høgre aktive på Stord. Både AUF og Unge Høgre starta opp laga i løpet av det siste året.

Aukande interesse

Jonsterhaug trur det er aukande politisk interesse blant ungdomen blant alle partia.

- Annonse -

– Eg har berre vore med i to år, men berre i løpet av desse åra har me merka ein utvikling.

– Kva blir dei viktigaste sakene til FpU i Sunnhordland?

– Det blir litt opp til det nye styret å avgjere, og noko me kjem til å diskutere på stiftingsmøtet.

Dersom dei lukkast med oppmøtet på stiftingsmøtet vil dei setje i gang ein kampanje for å verme medlemmar, seier Jonsterhaug.

– Eg reknar med det blir bra oppmøte, så me får sjå kor stor gjeng med blir i starten. Så vil me få i gang ein sunnhordlandssatsing der me mellom anna vil dra ut på vidaregåande skular.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -