Emil Tranøy Aasheim flagga eit kontroversielt standpunkt på Twitter og opplevde mange sinte og trakkaserande svar. Foto: privat/skjerbmbilete
- Annonse -

Stordabu og tidlegare leiar i Sunnhordland FpU, Emil Tranøy Aasheim, fekk over 100 til dels illsinte svar på Twitter.

Det var laurdag kveld at Aasheim, som i dag er politisk nestformann i Stavanger FpU, publiserte Twitter-meldinga som sette full fyr blant brukarane av mikrobloggingstenesta.

– Eg er stolt over å nytte fly som transportmiddel. Flyska er berre tull, klimakrisen er ein feberfantasi laga av folk som Eivind Trædal (MDG-politikar frå Oslo, red mrk.) for å skremme folk til å betale meir i skatt og avgifter.

Det tok ikkje lange tida før det hagla inn motsvar til stordabuen, mange av dei nedlatande og til dels trakasserande i tonen. Over 100 har sålangt svart stordabuen.

– Burde tatt ein ny runde på skulebenken

Mange brukarar hetsar Aasheim for at han er ung og uerfaren, dum og ignorant.

- Annonse -

Ein brukar reagerer på at så mange er stygge i tonen mot Aasheim.

«Her var det mange som burde tatt en ny runde på skolebenken. Det gode hatet fornekter seg ikke, alle med en annen mening er idioter.»

– Telefonen vibrerer konstant

Aasheim seier til Stord24 at han ikkje hadde venta så stort engasjement. Han fortel at det twitter-meldinga så langt er blitt sett av over 30.000 personar.

– Ja, det tok ganske av det der. Innlegget har visst skapt dobbelt så stort engasjement på Twitter enn då Arendalsuka annonserte at dei hadde invitert partiet Alliansen, seier stordabuen.

Han legg ikkje skjul på at han ønskte å provosere med tweeten, men at den skulle skape eit så sterkt sinne hadde han ikkje føresett.

– Når det gjeld dei ufine kommentarane så var det akkurat som forventa. Tweeten var meint for å skapa debatt, men eg hadde ikkje sett for meg at det skulle bli såpass grovt i kommentarfeltet.

– Ekstremt tøft å stå på den andre sida

Aasheim meiner responsen viser kor vanseleg det er i dag å flagge eit kontroversielt politisk standpunkt.

– Nivået på reaksjonene viser at det er ekstremt tøft å stå på andre sida av det politiske korrekte gjerdet. Kommentarar som at foreldra mine er søsken, at eg er like dum som eg ser ut, og at profilbildet mitt no er brukt som «meme» for å symbolisere klimafornekterene, blir kanskje litt over streken.

Svaret som fekk mest respons (over 250 likes) kom frå statssekretær Sveinung Rotevatn frå Venstre, som viste til at ein stortingsrepresentant frå Frp nyleg har stadfesta at menneskeskapte klimaendrngar er ekte:

- Annonse -
Forrige artikkelStord kommune vil ikkje gå i dialog med Husom-brørne: – Kjennest som å bli kaldt avvist
Neste artikkelHomoforkjemparen Kim Friele (84) kjem til årets Storapride
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no