Illustrasjonsfoto: Wikipedia
- Annonse -

Ein gut i tenåra er innlagt på Haukeland universitetssjukehus etter å ha skalla i hovudet på motspelaren under ein fotballkamp onsdag.

Episoden skjedde under ein seriekamp mellom Stord G19-2 og Solid G19 på Langelandsbanen i går kveld.

Guten skal ha fått seg ein kraftig smell, og vart sendt til Stord sjukehus med ambulanse på staden. Etter det Stord24 får opplyst vart guten deretter sendt til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse for vidare behandling.

– Eit stykke ut i andre omgang var det to spelarar som gjekk opp i ein hovudduell. Solidspelaren blei liggjande bevisstlaus på bakken. Heldigvis var det tilskodarar på tribunen som hjelpte til, seier formann Torleif Værøy i Solid.

– Det var eit uhell som dessverre vart alvorleg. Spelaren frå Stord blir teke godt vare på, og me har hatt kontakt med Stord fotball heile vegen.

Værøy kan på noverande tidspunkt ikkje uttala seg om tilstanden til guten, men fortel at han har vore i kontakt med foreldra som no er saman med guten.

- Annonse -

– Eg har ikkje fått vite så mykje, men slik eg forstod det ser det ut til at det skal gå bra. Me tenkjer mykje på han og håpar han kjem raskt tilbake, seier han.

- Annonse -