Kommunalsjef og ansvarleg for barnevernet, Mariann Jacobsen Hilt. Foto: Stord kommune/Google
- Annonse -

Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt i Stord kommune forsikrar om at barnevernet no har forbetra seg seg kraftig når det gjeld tal på manglande tilsyn hos fosterbarn.

Stord24 skreiv før helga om at Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) var blant verstingane i Hordaland i 2016 når det gjeld manglande tilsyn hos fosterbarn busett i Stord, Fitjar og Bømlo.

Kommunalsjef i Stord kommune, Mariann Jacobsen Hilt, ber no om forståing for kva som er årsaka til avvika. Nemleg at barnevernet er nødt til å nedprioritere noko når dei kjem i ein situasjon med underbemanning.

– Barneverntenesta har oppgåver knytt til dei mest sårbare barna og tek oppgåver og ansvar med stort alvor. I situasjonar med underbemanning må det likevel prioriterast, også mellom lovpålagde oppgåver.

– I 2016 vart det mellom anna gjort ved at ein reduserte noko på antal tilsyn i fosterheimar i dei tre kommunane, seier Hilt.

Ho understreker også at talet på avvik når det gjeld tilsyn har gått kraftig ned frå 2016 til 2017, og at dei i dag har redusert avvika til null.

- Annonse -
- Annonse -

– Per i dag har alle 93 fosterbarna busette i Bømlo, Fitjar og Stord kommune fått tilsyn i samsvar med lovkravet, sier Hilt.

- Annonse -

Men det er den manglande informasjonen om avvika frå 2016 som var bakgrunnen for dei sterke reaksjonane til Frp-politikar Linda Grundtvig. Ho ba om å få informasjon om manglande tilsyn hos fosterbarn i førre kommunestyret. Ordføraren svarte at 18 av dei 19 fosterbarna hadde fått godkjende tilsyn i 2017. Men det vart ikkje opplyst i svaret at avvika i 2016 var langt større: nemleg avvik på 11 av 39 fosterbarn.

– Eg føler meg ført bak lyset. Barnevernet sviktar dei mest sårbare barna me har ansvar for som er i fosterheim når me ikkje følgjer opp lovpålagte tilsyn fire gonger i året, sa Grundtvig.

Det er Sunnhordaland interkommunale barnevernteneste (SIB) som har som oppgåve å godkjenna og føre tilsyn med fosterheimar i Bømlo, Fitjar og Stord kommunar.

Stord kommune opplyser at det i dag bur til saman 93 fosterbarn i fosterheimar i desse tre kommunane, 39 av desse bur i Stord.