Sagvåg ligg an til å bli dårleg representert i politikken på Stord. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Nær 20 prosent av innbyggjarane i Stord kommune bur i Sagvåg. Men på nominasjonslistene til partia på Stord som er no er klare er det berre 7 av 75 namn som høyrer heime i bydelen.

Når partia skal nominere kandidatar til lista til kommunestyrevalet er det eit uttalt mål for dei fleste partia å ha god balanse mellom kjønn og alder, og ha god geografisk spreiing.

Men i følgje ei gjennomgang som Stord24 har gjort av kandidatane til partia som no har listene klare: Senterpartiet, Høgre, Arbeidarpartiet og SV, kjem Sagvåg ut som den store taparen.

To parti har berre éin på lista frå Sagvåg

Arbeidarpartiet på Stord har nominert 2 av 33 namn på lista si som er heimehøyrande i tettstaden Sagvåg. Stord Sp og Stord SV kjem endå dårlegare ut, og har begge nominert berre 1 av 20 namn på lista frå Sagvåg.

Høgre kjem noko betre ut, med 3 av 32 namn på lista frå Sagvåg, ikkje minst toppkandidat Øyvind Kyvik.

Summerer ein opp alle kandidatane finn ein at berre 6 av 75 namn kjem frå Sagvåg. Tettstaden Sagvåg har 3 435 innbyggjarar, noko som utgjer 19 prosent av befolkinga på Stord. Dermed burde Sagvåg hatt meir enn dobbelt så mange namn på listene dersom den geografiske spreiinga hadde vore rettferdig.

Leiar i Sagvåg forum, Guro Betten. Foto: Stord Venstre

– Veldig dumt for Sagvåg

- Annonse -
- Annonse -

Leiar i Sagvåg forum, Guro Betten, meiner det er uheldig at det er så få sagvågingar å finne på listene.

– Eg tenkjer at dette er veldig dumt for Sagvåg, og at det er veldig dumt for mangfaldet i politikken at me ikkje har fleire som kjem frå Sagvåg.

Den siste tida har det vore fleire viktige politiske saker for Sagvåg til debatt. Biogassaka skapte som kjent mykje rabalder i fjor, og no er Nysæter ungdomsskule ein heit potet. Samtidig har kommunedelplanen for Sagvåg blitt utsett i fleire år, noko som set fleire utbyggingsprosjekt i bydelen på vent.

– Det er no ein gong slik at Sagvåg har mange utfordringar og det er mange ting som skal skje her. Difor er det ikkje bra at ikkje fleire er representert i politikken, seier Betten.

– Blir Sagvåg nedprioritert fordi så få engasjerer seg i politikken?

– For å gi eit nyansert bilete så synest eg ikkje alt av kritikk som kjem fram i kommentarfelta på nettet er dekkande for politikken som er ført. Som leiar i Sagvåg forum så føler eg at me har ein god kommunikasjonsline inn til kommunen, og at det me har sagt blir høyrt og vurdert. Så argumentet om at «ingen gidd å høyre på Sagvåg» er eg ikkje heilt einig i.

- Annonse -

– Har gjort det me kan

Leiar i Stord SV, Nils Magne Blålid, meiner det ikkje er så mykje partiet kunne ha gjort for å få fleire sagvågsbuar på lista.

– Eg tenkjer at folk i Sagvåg må melde seg inn i partia som dei ønskjer å melde seg inn i. Me har jo ringt rundt til dei medlemmene me har om dei har ønskt å stå på lista, og også folk som ikkje er medlemmer. Eg ser ikkje at det er så mykje anna me kunne ha gjort.

Sigbjørn Framnes. Foto: Stord kommune

– Må vere politikar for heile kommunen

Gruppeleiar i Stord Frp og sagvågsbu Sigbjørn Framnes, fortel at partiet kjem til å ha ein noko betre representasjon enn dei andre partia.

– Eg vågar ikkje å seie sikkert, men eg trur iallfall ikkje me trekkjer ned snittet. Men sjølv om du er frå ein bestemt stad så skal du forhalde deg til at du er politikar for heile komunen. Det må ikkje vere sånn at ein set Sagvåg opp mot Leirvik.

– Den største utfordringa har nok vore at partia viser at dei tek omsyn til heile kommunen. Sjølv er eg vaksen opp på Hystad, og har vore fotballeiar i Stord IL og idrettslagsleiar i Solid. Då meiner eg at eg har føresetnad for å snakke heile kommunen si sak. Du kan ha ein bakgrunn som gjer at ein har kjennskap til Sagvåg utan å bu her.

– Treng tøffare politikarar

Framnes er meir uroa over at det er ingen av toppbyråkratane i Stord kommune som høyrer heime i Sagvåg.

– Når ein ser på den politiske dagsorden så er det vel så viktig å sjå kor dei som sit i sentrale posisjonar i kommunen er busett. Måten dei legg fram sakene på at stor betydning for kva politiske vedtak som blir gjort. Eg meiner at sentraladministrasjonen i dag har ein tendens til å problematisere ting i deler av kommunen. Då siktar eg spesielt til Nysæter ungdomsskule. For me har ikkje mange politikarar i dag som set seg i mot det rådmannen seier.

– Me treng tøffare politikarar som vågar å seie i frå. Det meiner eg er vel så viktig som kor dei kjem frå, seier Framnes.

PS: I oversikta har me ikkje teke med personar som bur i Valvatna-feltet. Sjølv om desse høyrer til Tjødnalio skulekrins, så høyrer Valvatna til tettstaden Leirvik i følgje SSB sine berekningar.

- Annonse -