Ti personar fekk påvist covid-19 på Bømlo tysdag. Foto: Pixabay
- Annonse -

Pasienten som Stord24 intervjua fredag har no har blitt den første som er smitta for koronaviruset på Stord.

Fredag skreiv Stord24 om at kommunelegen ikkje har nytta godkjent smittevernutstyr under testinga av koronaviruset. Ein av personane som er blitt testa på Stord fortalte då om korleis det var kroppskontakt mellom kommunelegen og pasienten under testinga.

No opplyser den same pasienten at vedkomande har testa positivt for koronaviruset.

– Eg var i ganske sjokk her tidlegare. Men no har eg det eigentleg bra, fortel stordabuen.

Stadfestar opplysningane

Rådmann Magnus Mjør i Stord kommune stadfestar overfor Stord24 at opplysningane stemmer.

– Eg er kjent med at dette er tilfelle. Me sit og jobbar med dette i kriseleiinga no, så det kjem snart ut melding om dette på heimesidene våre, seier Mjør.

- Annonse -

Pasienten fortel at det verste med å ha fått beskjeden er det å ta kontakt med alle som ein har vore i kontakt med den siste tida.

– Det var tøft å ringe rundt til dei eg har vore i nærkontakt med. Ein får jo dårleg samvit for at ein moglegens har smitta andre folk rundt seg. Det synest eg var veldig tøft, seier stordabuen.

– Korleis er formen?

– Formen er fin. Det viser jo at ein absolutt ikkje treng vere veldig sjuk når ein får denne smitta.

Må isolere seg

Stordabuen fortel at heile familien no har fått streng beskjed om å halde seg inne.

– Eg har fått beskjed om å isolere meg meir rundt familien min, og at dei er i heimekarantene. Det same gjeld alle dei som har vore i nærkontakt med meg.

Frå før av er det påvist smitte i Kvinnherad, Sveio blant kommunane i Sunnhordland. Bømlo, Fitjar og Tysnes har så langt ikkje koronasmitta.

- Annonse -
Forrige artikkel– Det er krevjande tider, men dei er ikke uhandterbare
Neste artikkelReknar med fleire koronatilfelle i dagane som kjem
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no