Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein tysnesing i 20-åra måtte ovenatte i fyllearresten etter å vore valdeleg og trugande i Leirvik sentrum laurdag kveld.

Det var klokka 20.22 at politiet fekk melding frå vektaren ved sommarrevyen i Leirvik om ein rusa og kranglete gjest.

– Vektaren eldte at han har teke kvelartak på fleire gjester og forsøkt å slå dei, fortel Jostein Reiestad ved operasjonssentralen i Sørvest politidistrikt.

– Dette skjedde etter at han blei kasta ut frå staden. Han var nok vanskeleg allereie inne på utestaden, men det var på utsida at situasjonen oppsto.

Mannen i 20-åra som kjem frå Tysnes blei då frakta rett til fyllearresten. Men heller ikkje då klarte han å oppføre seg.

– Han vil også bli politimeldt for trugslar mot polititenestemenn i samband med innbrininga til fyllearresten.

- Annonse -

Politiet måtte vise bort tre andre personar i løpet av laurdagskvelden og -natta. Dei andre for meir bagatellmessige forhold.

- Annonse -