Rehabiliteringssenteret i Leirvik. Foto: Google maps
- Annonse -

DEBATT: Korleis kan ein ta i frå menneske i ein så sårbar fase støtten og dermed minska deira sjanse for å kunna komma seg att og klara å fungera på egen hand?

Av: Heidi Hystad, tilsett på rehabiliteringssenteret på Stord

Eg har jobba nesten halve livet mitt på rehabiliteringssenteret, på natt.

Det som skjer no er ikkje berre frustrerande og trist men rett og slett hjerteskjerande: Forslag om kun å tilby dagtilbud for å spara pengar.

Eg skal fortelja litt om kva eg har sett på natt disse 20 åra eg har jobba der. Eg har sett hundrevis av fortvila menneske som har gjennomgått ei krise i livet.

Hjerteinfarkt, hjerneslag, brekt lårhals. Dei har kome i ein situasjon der dei ikkje klarar å ta hand om seg sjølv lenger. Dei treng hjelp til å trena seg opp att, for så å kunna få tilbake livskvaliteten sin og få flytta heim og klara seg sjøl.

- Annonse -

Eit dagtilbud vil ikkje vere i nærleiken av nok til å hjelpa disse.

Som nattevakt ser eg at når mørket senkar seg, stillheten legg seg for dagen, kjem tankane, utryggheten, redselen for koss livet no kjem til å bli. Hos oss har dei fått trygghet, nokon som i den sårbare fasen kan trøsta og sei, dette går bra.

Eg støttar deg og hjelp deg i natt om du skal på badet. Eg veit du er redd for å gå fordi du er ustø, eg skal gå med deg. Du kjem til å greie dette åleine ein dag, me skal jobba saman om det.

Den tryggheten skal eg no ikkje lenger kunna gi.

Dei får klara seg sjølv heime, muligens med hjelp fra ein nattpatrulje som er så travel at dei egentlig ikkje har tid til dei oppdraga dei allerede har.

Korleis forsvarar ein slikt? Korleis kan ein ta i frå menneske i ein så sårbar fase støtten og dermed minska deira sjanse for å kunna komma seg att og klara å fungera på egen hand? Kor ligg sparing i dette?

Det vil enda med at mange, som kunne hatt ein god sjanse til å få tilbake livet, i staden vil trenga langtidsplass. Og det har vel ikkje kommunen flust av, ettersom eg forstår.

Om ein skal snakka økonomi, og ikkje ta med i rekninga verditapet for det menneske det gjeld.

Eg håpar ingen av dei som skal bestemma dette kjem i ein slik situasjon. Eg vil ikkje kunna vere der og ta handa di om natta og seie «ikkje vær engsteleg, eg skal gå med deg i natt».

Innlegget vart først publisert på Hystad sin Facebook-profil, og vert publisert etter avtale.

- Annonse -