Øvrebygda skule vert lagt ned, dersom kommunestyret landar på same konklusjon som formannskapet. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sælevik skule får leve vidare med 1-4. klassetrinn, og skal bli leia av rektoren ved Rimbareid skule.

Av: Harald Johan Sandvik

Formannskapet handsama i går budsjett 2019 og langtidsbudsjett (LTB) 2019-22.

Skulane har vore det store diskusjonstemaet denne hausten. Som kjent seier framlegget frå administrasjonen at både Øvrebygda og Sælevik skular skal leggjast ned frå 1. august 2020.

I møtet i går kom det to framlegg:

Først frå Dagfinn Brekke på vegne av KrF og SP: Øvrebygda og Sælevik skular held fram uendra. Skulebruksplanen vert nulla ut, og det vert dermed ikkje utbygging av Rimbareid skule. 7. klassane skal ikkje overførast til Rimbareid.

- Annonse -
- Annonse -

Finansiert ved reduksjon i løyving til kontrollutvalet, auka eigedomsskatt frå 2020-21, eitt år tidlegare enn rådmannen sitt framlegg, 80 % ordførarstilling etter valet 2019, auka sal av tenester frå landbrukskontoret og auka skatteinngang ved at hytter kan nyttast som permanent bustad.

- Annonse -

Det andre framlegget kom frå Arne Prestbø på vegne av H og Ap: Øvrebygda skule vert lagt ned, og Sælevik vert redusert til 1-4. klassetrinn frå hausten 2020. 7. klassar frå begge skulane vert overførte til Rimbareid frå hausten 2019. Frå hausten 2020 vert rektorstillinga ved Sælevik inndregen, og skulen vert leia frå Rimbareid.

Ytterlegare innsparingar mellom anna ved redusert løyving til kontrollutvalet og reduserte investeringar i perioden.

Framlegget frå KrF og Sp fekk 2 røyster, og fall.

Framlegget frå H og Ap vart vedteke med 3 røyster.

Endeleg avgjerd kjem i kommunestyret i møtet 19. desember.

- Annonse -