Ap-representant Lene Pilskog fremja forslaget om å utsetje planprogrammet. Her med partikollega Marit Tislevoll Odland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Vil ikkje legge ferjesaka ut på høyring før ein får svar på realismen i å få finansiert prosjektet.

– Denne saka får me igjen og igjen. Behovet for innkorting av ferjesambandet er ikkje mindre, men finansieringa manglar jo, sa Ap-representant Lene Pilskog i formannskapet onsdag.

Prosessen om å innkorte ferjesambanda mellom Stord og Kvinnherad har som kjent skote fart det siste året. I vår vart det laga ein silingsrapport med dei beste alternativa for nye ferjestø, og fylkeskommunen har no laga eit omfattande planprogram som er klart for å bli sendt ut på høyring.

Får ikkje ferjeavløysingsmidlar

Men eit samrøystes formannskap drog altså i bremsene, mellom anna etter det vart klart at samferdselsdepartemenet ikkje ville løyve ferjeavløysingsmidlar for å finansiere prosjektet.

– Me veit at me ikkje får ferjeavløysing, og me har sagt at me ikkje vil bompengefinansiere prosjektet. Difor vil be me fylkeskommunen om å vurdere realismen av prosjektet.

Ho fekk støtte frå alle representantane.

- Annonse -

– Me har ikkje behov for å bruke tid og energi på dette når me ikkje veit korleis å finansiere det, sa Geir Angeltveit (V).

– Må ta høgde for «Sunnfast»

Silje Vatna frå Senterpartiet meinte ein også burde ta det planlagde fastlandssambandet «Sunnfast» med i betraktningane når ein handsamar denne saka.

– Her burde ein ta høgde for at me kan få eit ferjefritt Sunnhordland. I tillegg har me ikkje ein gong begynt å diskutere plassering av ferjestøet, sa Vatna.

– Plasssering er sjølvsagt også ei utfordring når me kjem så langt. Eg håpar me kan kome så langt at me kan begynne å diskutere plassering, men det er ikkje vits så lenge det ikkje er realisme i å få det finansiert, svarte Pilskog.

Ordførar Gaute Epland (Ap) fortalte at dei håper på ei endeleg avklaring på om det vil la seg gjere å finansiere prosjektet med ferjeavløysingsmidlar.

– Eg har snakka med fylkesordføraren, som fortel at ho jobbar vidare med ferjeavløysinga. Eg veit også at det blir jobba i Stortinget med å få avklart dette gjennom budsjettprosessen til neste år. Det er ikkje berre me som har problem med å få nytta denne ordninga.

Peder Sjo Slettebø er ordførar i Kvinnherad, Foto: Wikipedia/Kjetil Ree (CC BY-SA 3.0-lisens)

– Dette er trenering

I motsetnad til Stord, vedtok Kvinnherad å legge planprogrammet ut på høyring tidlegare denne månaden. Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) likar dårleg signala frå Stord-politikarane.

– Dette høyres ut som trenering. Med denne logikken burde formannskapet i Stord kravd stopp i planprosessen med Hordfast også, det prosjektet er heller ikkje finansiert. Det er ikkje uvanleg at finansiering av eit prosjekt ikkje er på plass under planleggingsfasen. Me vil drøfta med fylkeskommunen kva vi skal gjera med dette.

- Annonse -